fredag 12. mars 2010

Ugler i mosen


Kva i alle dagar betyr det? Ugler er jo som kjent kloke dyr. Kva har dei i mosen å gjere? Ein forklaring kan du lese her. Men no for tida er vel uglene aller mest å finne på alle dei flotte bloggane rundt om!


Her er mine ugler. Ugleklokka fekk eg av pappa i ung alder, den er umogleg å ikkje bli glad i og av! Uglebiletet har eg kjøpt på Etsy av denne flinke dama.


Eg såg ein hubro ein gong. Rett før blåtimen, satt han høgt oppe på ei lysmast langs ein innfartsveg. Overvåka trafikken. Lett gjenkjenneleg pga duskane på øyro.

Me gjekk ut av bilen ei lita stund for å vere sikre på at me verkeleg såg hubro. Fantastisk dyr. Kan bli opptil fire kilo, og ha eit vengespenn på 1,8 meter! Me pella oss fort inn i bilen igjen. Hubroar kan sjå ganske sinte ut..


Til og med Brio likar ugler, berre sjå den søte her.

Ha ei fin helg!