Vi har fått ei
stor skulejente! Ho er så klar til nye utfordringar - lære å lese og skrive, og ikkje minst;
å få lekser! La oss håpe at entusiasmen varer leeeenge!
Igår begynte eg på mitt første prosjekt sydd etter mønster. På tide kanskje. Underveis vart det mykje kløing i hovudet, når framgangsmåten sto på pussig svensk, og minna om fortøying av båt, meir enn sying av kantebånd. Men eg rodde meg i land.
Og fortøyde:-)
Så skulejenta har fått sin skulekjole. Og er veldig fornøyd med det.
Og eg, eg må kanskje vurdere fleire mønster. For eg innrømmer at det var ganske avslappande å ikkje ha heile ansvaret sjølv...