Ha ein finfin onsdagskveld!
onsdag 29. september 2010
Elnatid
Det blir litt sying om dagen - eller rettare sagt, om kvelden. Etter at ungane er i seng, kjem Elna raskt opp på bordet. Ei ny veske blei til her ein dag, i nydeleg linstoff frå Åhlens. Og dynetrekk til ein liten godgut som snart kikkar ut. Håpar han likar grønn då:-)
tirsdag 28. september 2010
Er det berre meg?
- eller var det ikkje meir spennande på loppemarknad før..? Eg bare spør. No er det altfor mykje folk, og altfor lite å finne. Albuar og travle skattejegerar. Då er det bra at kafeen er full av gode kaker og kaffi, og plass å sitte ute i sola:-)
Så i mangel på loppefunn, får de heller sjå litt av tidlegare skattar. Det grøne stoffet var gardin på rommet mitt då eg var liten. Eg ELSKA det! Dikta masse historiar. Hadde ikkje lysst til å sovne for då kunne eg ikkje dikte meir...
Det høyrer med til historien at eg hadde kvit tapet med raude hjerter, og raud seng! Herlege fargerike 70-talet!
Ha ein fin kveld!
fredag 24. september 2010
Urban bensinstasjon
Ein avstikkar til haustfine Askøy, gav meg ein lekker opplevelse idag! I enden av ein bensinstasjon ligg det fleire flotte butikkar, blant anna Ren Lykke og AC Home.
Og lykke - javisst! Herlege fargar og lekre saker! Lykke - å ja, alltid kjekt å finne butikkeigarar med same smak som meg. God smak, med andre ord...hehe *stoooort smil*
Og så, etter mykje lekre inntrykk - ein god kopp kaffe på koselege Cafe Fru Luna. Og lurar du på tapetet bak Litlegut, så er det faktisk eit veggmaleri! Slå den!
Så ta gjerne turen til Kleppestø - eg trur neppe du blir skuffa:-)
Ha ein fin fredagskveld vidare!
torsdag 23. september 2010
Raud og blå
Ein av mine favorittkombinasjonar for tida. Og det fins så mange fine nyansar av desse. Favorittfavoritten er lys turkis og oransje!
onsdag 22. september 2010
Abstinenser
Handlelista mi blir lengre og lengre. Det er abstinenstid. Stoff & Stil-abstinens...
Enn så lenge får eg grave i allerede velfylte hyller med stoff. Det er vel ikkje akkurat synd på meg:-)
Fin onsdag til deg som ser innom!
tirsdag 21. september 2010
Haust på glas
Norske epler er det beste som fins! Den friske smaken gjer smaksløkane yre av begeistring!
Fyrst dei lette, friske sommareplene. Eg tar eit hopp av glede når dei endeleg raudnar og er eteklare! Og så tilslutt - la grande finale - hausteplene. Gravenstein. Aroma. Oi! Gler meg!!
mandag 20. september 2010
Drops
Pastell.... Ordet gir meg pittelitt gåsehud.
Men det går fort over. Mest fordi dei ikkje får lov til å dominere. Så ein rekk ikkje å bli kvalm denne gongen.
lørdag 18. september 2010
Inn med naturen
Naturen er den finaste interiørdesignaren! Fine greiner og steinar pyntar opp inne òg. Denne fine greina har nok lagt i sjøen i månader, viss ikkje år. Fin og avslepen. No har den stått i stua ei god stund, i påvente av eit prosjekt.
Gardina fekk seg ein pause, og jentene syns det vart ein artig vri. Dei er nå vant med rare påfunn..:-)
Ha ein fin lørdagkveld!
onsdag 15. september 2010
Rosa
Rosa og lilla er Storesøster sine yndlingsfargar. Kanskje ikkje så uventa for ei jente på seks år...
Difor vart tøyposen ho fekk til bursdagen i sjølvsagte fargar, og til stor lukke.
Og så eit lite sommarbilde, frå mamma sin rosehage. No minkar det på rosene for i år. Men bildene har eg. Og lukta som lett let seg framkalle..:-)
Fin kveld til deg som kikkar innom!
Difor vart tøyposen ho fekk til bursdagen i sjølvsagte fargar, og til stor lukke.
Og så eit lite sommarbilde, frå mamma sin rosehage. No minkar det på rosene for i år. Men bildene har eg. Og lukta som lett let seg framkalle..:-)
Fin kveld til deg som kikkar innom!
tirsdag 14. september 2010
Søte dyr
Det dukkar av og til opp nye dyr her heime. Det er vanskeleg å hive dei på dør. Dei er altfor søte.
torsdag 9. september 2010
Papirgleder
Eg er så glad i fine stempel. Dei kan brukast til så mykje. Til å pynte presangar med og lage kort av. Blant anna. Ein tur til denne butikken i nærleiken av Bergen, kjem ein ikkje tomhendt heim igjen frå. Papir og stempel og stanser og og og... Fine ting finn ein òg her og her.
søndag 5. september 2010
Søndag
Så er helga snart over igjen. Fantastiske fine haustdagar. Klar fin luft og sol. Sjølv om eg stort sett har sove dei vekk - er det fint likevel.
Og imorgon tidleg er nattevaktene over for denne gong. Fint.
Og imorgon tidleg er nattevaktene over for denne gong. Fint.
Veka som kjem blir travel, med bursdagsfeiring for storesøster. Gler meg!
Ha ein fin vekestart!
fredag 3. september 2010
M for oss
Bokstavar i interiøret begynner vel snart å bli skikkeleg 2009... Me bryr oss ikkje så mykje om slikt. Så eg smiska meg til ein liten sløydjobb frå Vestablikkmannen. Og mammaen og jentene syns det blei så fint at!
No ventar snart tre duggfriske nattevakter på meg. Eg kan jo håpe at dei blir sånn passe travle. Berre akkurat passe:-)
Ha ei fin helg!
Jovisst
Jovisst blei det kjole til slutt. Og visst passa den til Mollemor! Ho var til og med fornøyd med den, sjølv om ho helst ville ha "stooor kjole, mamma!", som eg trur betyr laaaang kjole...
Men du og du. Å sy utan mønster tar tid. Alt skal jo klekkast ut sånn heilt frå lause lufta. Og når treåringen syns det er pyton å prøve klede - ja, så blir det så som så med skreddarsaumen..;-) Men no er iallefall det prosjektet ferdig og tatt i bruk. To kjolar av ein meter stoff, à 59 kr. Kven sa at det ikkje lønna seg å sy sjølv..?
Ha ein fin fredag!
onsdag 1. september 2010
Du verden!
Vimplar er gøy å lage - og lagar fest i rommet! Og så er eg så glad i kart! Denne varianten med gamle kart ser nesten ut til å vere ein kopi av desse i fine Lekehuset - men vart nok klekka ut på same tid. Kors på halsen. Utan lygekryss.
Ha ein fin onsdag!
Abonner på:
Innlegg (Atom)