Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg

fredag 3. september 2010

Jovisst

Jovisst blei det kjole til slutt. Og visst passa den til Mollemor! Ho var til og med fornøyd med den, sjølv om ho helst ville ha "stooor kjole, mamma!", som eg trur betyr laaaang kjole...

Men du og du. Å sy utan mønster tar tid. Alt skal jo klekkast ut sånn heilt frå lause lufta. Og når treåringen syns det er pyton å prøve klede - ja, så blir det så som så med skreddarsaumen..;-) Men no er iallefall det prosjektet ferdig og tatt i bruk. To kjolar av ein meter stoff, à 59 kr. Kven sa at det ikkje lønna seg å sy sjølv..?

Ha ein fin fredag!

tirsdag 15. juni 2010

Liberty light og ein skjønn pingvin

I bilen heim frå kvart Stoff & Stil-besøk, angrar eg alltid. På dei stoffa eg ikkje kjøpte med meg.

Når eg er i butikken fer eg kvilelaust rundt, frå det eine til det andre. Hovudet lett rusa på fargar og kvalitetar. Det er vanskeleg å tenkje klart.

Desse to stoffa angra eg på sist. Denne gongen fekk eg dei med meg. Pingvinane snakka til meg... Vanskeleg å forklare det, men eg endar alltid opp med dyreprint.

Det blomstrete stoffet syns eg likna til forveksling på dei populære Liberty-stoffa. Bare mykje, mykje rimelegare.

Idag blei det to lett-sydde smekker. Kvalitetstesten får Lillebror ta seg av:-)

Ha ein fin kveld!


mandag 10. mai 2010

Vårfin


Litleprinsen var så heldig å arve ein fin, lyseblå anorakk av "tippoldemor"!
Eit lite hol i jakka, gjorde at stoffhaugen blei vurdert og saksa funne fram. Lyseblå og grønt, og ein dæsj turkis? Ja takk!

Så blei det fine lommar i marimekko-stoff. Og ein deilig Buff i herlege vårfriske fargar. Den lagar du på no time i mjukt trikot-stoff.

Jakka er framleis litt stor. Og ute vart det kvitt i natt...

Men snart!

fredag 7. mai 2010

Født sånn eller blitt sånn?

Eg elskar redesign. Er så glad i å kunne bruke om att delar av plagg eg har vore glad i - og tilsette litt nytt - nye fargar og former. Ein får unike plagg på den måten.
Men så kan eg ikkje bruke mønster. På same måten som eg ikkje kan lese noter. Det fins sikkert fine ord på slike som meg. Eg les stort sett ikkje bruksanvisningar heller. Har inntrykk av at det er beslekta med noter og mønster.

Når eg bakar, syr eller syng - så er det etter augemål, eller slump om du vil.
Det blir ofte bra - men nesten like ofte katastrofe...

Er det medfødt eller miljø? Tidsaktuelt spørsmål.

Mor mi slumpar like mykje som meg. Og far min les ikkje bruksanvisningar. Iallefall ikkje før han står fast.

Dette blei eit skjørt. Det skulle bli ein kjole. Ammekjole til og med, inspirert av kleda frå svenske BOOB. Kanskje eg rett og slett skal lese bruksanvisninga til Jeanette frå denne bloggen. Ho har akkurat gitt ut eit nettmagasin, med fantastiske bilete og tekst, og mange fine DIY-prosjekt. Kikk innom henne!

Jaja, eit skjørt funkar det òg! Så får det heller bli ein kjole neste gong.Planane er klare. Mønsteret er ikkje...

Ha ei fin helg!

fredag 16. april 2010

Bambus

Lilleba i Stavanger designar sine eigne klede i bambus og soya. Denne veka la dei ut sommarkolleksjonen. Nydelege, mjuke klede med eit estetisk ytre!


Bambus er ganske nytt i klede i Norge, men eg trur det vil komma meir og meir. Ikkje berre er det eit særdeles miljøvenleg materiale - men det har òg utruleg gode kvalitetar. Det suger væske og isolerer som ull, og er eit godt alternativ for dei små med sensitiv hud.

Anbefalast!