søndag 29. november 2009

Nattevakt..

Tenkjer på kor rart det er at ein kjem på så mange gode idear på nattestid. Er atter ein gong stått opp midt på natta, for å skrive ned, i frykt av å ha gløymt det når morgonen kjem. Facinerande. Me òg litt slitsomt..

fredag 27. november 2009

Det bles opp

Det gjekk fort føre seg. No kan eg ikkje snu. Bloggen ligg der og skin og lovar meg gode dagar med vind, sjølvsagt medvind heile veien. Kanskje til og med fønvind, viss eg er heldig. Så får den ta meg med dit den vil. Eg reknar med å vere på villspor rett som det er - det lovar eg faktisk! Berre slik kan ein finne nye stiar eg ikkje visste om.