Viser innlegg med etiketten då eg var liten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten då eg var liten. Vis alle innlegg

mandag 21. juni 2010

Litt om mykje

Ikveld malar eg. Lys turkis. Mollemor sin stol fyrst.
"Mamma - maler du min stol?" "Ja." "Da er du snill.." *Sukk..* Den var søt.
Ellers så trekk eg pusten for å fortelje 7 ting om meg sjølv:
  • Eg er oppvaksen i ei nydeleg bygd i Rogaland. Fjell og fjord. Fisk og tørrhøy. Plommetre og vind. Ingen over - ingen ved sida.
  • Eg likar ikkje å gjere som alle andre. Det har vel med oppveksten med sau å gjere... Men resultatet kan av og til vere litt enerverande. For meg, og ikkje minst for andre. Eg er den som får meg mobil og facebook-konto heilt sist - for nettopp å ikkje gjere som alle andre.
  • Eg har høgdeskrekk og edderkoppfobi. Ingen klatring i stigar om eg ser ein kravlande skapning, altså.
  • Eg køyrer scooter til jobb - og elskar det! Har desverre ikkje Vespa, som er favoritten - men ein påliteleg Peugeot. Jada - image er ikkje alt.
  • Eg likar utfordringar. Eg kjenner meg levande ved å trø litt utanfor komfortsonen. Meistre. Berre ikkje fallskjerm. Eller tarantella.
  • Eg er ambivalent. Til tusen. Difor er favorittfargen min rød. Og grøn. Og akkurat no lys turkis. Imorgon kanskje noko anna.
  • Eg jobbar ikkje i ein ni til fire jobb. Tvert imot. Kundane mine treng hjelp heile døgnet.

Sånn! *puh* Det var dagens forteljing.

Ha ein koseleg kveld!


torsdag 10. juni 2010

Gulstripete dag

Eg er ein barnsleg sjel. Leiker frå min eigen barndom, eller andre sin, gjer meg glad.

Det treng ikkje vera treleiker. Plastleiker, f.eks gamle Fisher-Price leiker er blant favorittane.

Og min eigen My little Pony frå 80-talet! Tenk å vere så vakker! Om det hadde gjort seg med raude epler på min bakende, skal vere usagt. Men at det er fint på denne ponnien kan vel ingen vere ueinig i?


For ikkje så lenge sidan, fekk eg besøk av ei god venninne som donerte mange av leikene sine til småjentene! Gjett om mamsen blei minst like glad som dei små... Bilder kjem etterkvart!

Som du sikkert har oppdaga - idag er ein gul dag! Igår fann eg det gulstripete stoffet på Fretex - og blei så glad, så glad! Eg er alvorleg glad i gult, men finn sjeldan gule stoffer. No summar det av idear i hovudet.

Ha ein gul dag, du òg!

mandag 22. mars 2010

Verda mi

Då eg vaks opp hang verda på kjøkkenveggen heime. Med peikefingeren reiste me verda rundt, og kunne følge far sin båt over alle hav.

Verdskart er framleis utruleg facinerande for meg. Eg vil gjerne ha eit i nærleiken for å vite korleis verda ser ut. Sjølv midt i jordskjelv og orkanar og andre katastrofar, ser verda frå avstand ganske lik ut. Heldigvis.



Kunstnaren Zsuzsanna Ilijin frå Amsterdam har laga det flotte Hello Map, der ho brukar ordet hallo på alle språk i verda, istadenfor kartfargar. Grafisk og vakkert!


Mi puslebrikke i verda.


Wallsticker frå Ferm Living.

Ha ein fin vårdag!

torsdag 18. februar 2010

Mint Nostalgia

Kva er det med denne fargen, som gjer meg mo i knærne og tom for ord? Eg mins godt 80-talet - eg hadde høgt hår og bestefarskjorte i mint. Altså kan det vere snakk om heilt ordinær nostalgia. Eg er i rette alder for det.




Fargen kjem igjen i motebiletet med ujamne mellomrom. No er det lenge sidan - og den kjennes frisk og ny.
Under kjem fargen eg syns passar best saman med mint, lakserosa eller oransje.

onsdag 10. februar 2010

Steinar søv ikkje..

Men jammen er dei gode å halde i handa. Snu og vende på ein rund stein. Lite kan gå gale då.

Eg kan nok kallast steingalen. I rette forstand. På ei rullesteinstrand på Jæren eller i Spania, vil du vanskeleg få kontakt med meg. Plukke ein stein eller to. Kjenne på dei. Vurdere. Kanskje nett denne er den finaste?

Eigentleg er det ganske naturstridig at eg likar stein så godt. Eg vaks opp på ein gard, der gråsteinen tøyt opp over alt. Me plukka og plukka. Og plukka igjen. Og dette var lenge før det vart snakk om barnearbeid..;-)

Men steinar søv altså ikkje. Ikkje søv ungar som stein heller. Men det er ein annan historie.