torsdag 10. juni 2010

Gulstripete dag

Eg er ein barnsleg sjel. Leiker frå min eigen barndom, eller andre sin, gjer meg glad.

Det treng ikkje vera treleiker. Plastleiker, f.eks gamle Fisher-Price leiker er blant favorittane.

Og min eigen My little Pony frå 80-talet! Tenk å vere så vakker! Om det hadde gjort seg med raude epler på min bakende, skal vere usagt. Men at det er fint på denne ponnien kan vel ingen vere ueinig i?


For ikkje så lenge sidan, fekk eg besøk av ei god venninne som donerte mange av leikene sine til småjentene! Gjett om mamsen blei minst like glad som dei små... Bilder kjem etterkvart!

Som du sikkert har oppdaga - idag er ein gul dag! Igår fann eg det gulstripete stoffet på Fretex - og blei så glad, så glad! Eg er alvorleg glad i gult, men finn sjeldan gule stoffer. No summar det av idear i hovudet.

Ha ein gul dag, du òg!

8 kommentarer:

  1. Jippi!
    Giraff bildet ditt kom opp på leselisten min..
    Dette traff en annen barnligsjel midt i gledesenteret :D!
    Om du like Fisher Price vil du kanskje også like Guttelus! & Jentelus
    kårtene mine..

    Ha en deilig gul dag!

    SvarSlett
  2. Åååå, nostalgi! Eg trur eg må leite fram min vesle "My little pony" også. Og Fisher Price leikehuset mitt... Artig blogg du har! heilt etter min smak! :-) Ha ein strålande dag!

    SvarSlett
  3. Gløymde å seie at eg blir so glad når eg kjem over bloggar der bloggaren skriv på nynorsk! :-)

    SvarSlett
  4. Nå har du en forfølger til ;)
    Innlegget ditt gjorde meg så glad - tusen takk for det :)
    Og tusen takk for at du skriver så nydelig på nynorsk!

    SvarSlett
  5. herlig-herlig....
    ha en fortsatt glad & gul dag ♥!

    moaklem

    SvarSlett
  6. Fine, glade bilder! Trodde egentlig ikke jeg likte gult jeg, men den fargen ser ut til å poppe opp her hjemme hos meg til stadighet også. En sterk og insisterende farge, kanskje!? :-)

    SvarSlett
  7. Gult er en herlig og GLAD farge!

    SvarSlett
  8. My Little Ponny gitt! Hadde helt glemt at de fantes. Takk for påminnelsen :-)

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...