Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg

tirsdag 22. juni 2010

Eit spann maling

Tenk å bli så glad for eit spann med maling. Eg kjenner mange som har det heilt motsatt..

Det blei Flügger denne gongen, for å bryte litt med vanen, og prøve noko nytt.

Gamle, fine Hjertestolen fekk sommarkjole på. Eit av hjertene fekk bli. Slik at det framleis kan vere Hjertestolen! (Det viser ikkje så godt, men fargen er egentleg lys turkis. Surprise..?)

Eg gløymde igår å gje "Beautiful Blogger" awarden vidare. Her er dei 7 eg vil gje ein liten pris for kreative, fine, morsomme, inspirerande og lekne bloggar:

Når man får prisen er det tre ting som må gjøres:
Man må linke til den personen man fikk prisen av.
Man må fortelle 7 ting om seg selv.
Man må gi den videre til 7 andre bloggere.

Ha ein lekker kveld vidare!


mandag 21. juni 2010

Litt om mykje

Ikveld malar eg. Lys turkis. Mollemor sin stol fyrst.
"Mamma - maler du min stol?" "Ja." "Da er du snill.." *Sukk..* Den var søt.
Ellers så trekk eg pusten for å fortelje 7 ting om meg sjølv:
  • Eg er oppvaksen i ei nydeleg bygd i Rogaland. Fjell og fjord. Fisk og tørrhøy. Plommetre og vind. Ingen over - ingen ved sida.
  • Eg likar ikkje å gjere som alle andre. Det har vel med oppveksten med sau å gjere... Men resultatet kan av og til vere litt enerverande. For meg, og ikkje minst for andre. Eg er den som får meg mobil og facebook-konto heilt sist - for nettopp å ikkje gjere som alle andre.
  • Eg har høgdeskrekk og edderkoppfobi. Ingen klatring i stigar om eg ser ein kravlande skapning, altså.
  • Eg køyrer scooter til jobb - og elskar det! Har desverre ikkje Vespa, som er favoritten - men ein påliteleg Peugeot. Jada - image er ikkje alt.
  • Eg likar utfordringar. Eg kjenner meg levande ved å trø litt utanfor komfortsonen. Meistre. Berre ikkje fallskjerm. Eller tarantella.
  • Eg er ambivalent. Til tusen. Difor er favorittfargen min rød. Og grøn. Og akkurat no lys turkis. Imorgon kanskje noko anna.
  • Eg jobbar ikkje i ein ni til fire jobb. Tvert imot. Kundane mine treng hjelp heile døgnet.

Sånn! *puh* Det var dagens forteljing.

Ha ein koseleg kveld!


fredag 18. juni 2010

Hjartenøkkel

Det er kald sommar framleis her på vestlandet. Enn så lenge er det sokkar i sandalene og eit litt stivt smil. Då er det fint å ha meiningsfylte aktiviteter innomhus. Ikkje berre kos, sjølvsagt. Husarbeid må av og til òg prioriterast.

Dagens trykk er ein hjartenøkkel. Denne bør ikkje rotast vekk. Ikkje så farleg med dei andre nøklane, berre ein tar vare på denne.

Igår fekk bloggen min ein finfin pris frå denne skjønne bloggaren. Gjett om det gjorde meg glad! No må eg i tenkeboksen for å finne ut kva for 7 ting eg skal fortelle dykk...

Om du leiter etter tiaraen din, eller baker bryllupskake - eller ikkje bryr deg om bryllupet imorgon i det heile tatt - ha ein fin fredag uansett!