På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.
Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.
Ha ein fin søndagskveld!
Åh, så kjekt. Der trur eg jammen me skal ta turen. Var på Lindesnes fyr når me var på Sørlandet, og ungane elska det! Syns det er kjekt at dei får kjenne naturkreftene litt på kroppen. At det er koseleg kafè og kunstutstilling der i tillegg er jo berre bonus :) Ha ei god veke, klem frå Linda
SvarSlett