Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

lørdag 17. juli 2010

Lekkerier

Knappesommaren begynte med overraskelse av den fargerike sorten. Masse flotte knappeprøvar frå 50/60-talet frå svigerinna mi! Mykje flotte fargar og personlegdomar!

Deretter var det opphørssalg i den nedlagde butikken heime, der eg fann fleire knappar, esker, brett og eit skjønt rådyr. Rådyra er ikkje spesielt populære heime hjå mor mi, fordi dei er så glad i roseknoppar. Så både dei ekte eksemplara, og denne i porselen - var det berre eg som likte... Rådyra i skogen såg me kvar dag i ferien, og på vegen heim frå ferie såg me eit titals hjortar, både vaksne og kalvar. Så fine, så fine.

Mamma henta fram frå skapet og gløymselen desse skattane - nydelege fargar. Gjett om eg blei glad! Tenker det blir vanskeleg å sette saksa i dei...

Og enno har eg fått og funne fleire skattar i sommar. I vaskemaskina no ligg eit stort teppe, med bilder av mange rådyr... Ja, eg veit. Det blir kanskje litt mykje. Men vestablikkmannen sa det var heilt greit. Etter han hadde sagt at det var litt rart... Er ikkje han fin?

Visste du forresten at Bambi, og denne i porselen - er dådyr? Dådyra er litt mindre enn rådyra, og har dei fine kvite prikkane...

No kjem symaskinen på bordet. Mann og ungar er på tur, så her skal det jobbast!

Me bloggast!

søndag 11. juli 2010

Kulturfyr

Igår var vi finfin tur til Ryvarden Kulturfyr i Nord-Rogaland. Turen ut dit er ein historie for seg, sjølve fyret ein annan. Vi er svake for fyr. Ryvarden er ikkje eit unntak.

På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.



Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.

Ha ein fin søndagskveld!

tirsdag 8. juni 2010

Mi tid

Heime igjen etter turen til sommarlege København. Eg er slett ikkje overraska over at nordmenn likar seg der. Det gjorde eg òg!
Mange inntrykk ligg i kø til bearbeiding. No er det ryddetid. Både her og der.
Den nordiske kongressen eg var på hadde fått laga sin eigen kopp, designa av keramikar Anne Black. Så fin, så fin!

No er tida mi eiga igjen. Skuldrane på plass, og presset borte. Det skal nytast! Symaskina skal fram igjen frå kasjotten. Hurra!

Sjå meir av Anne Black her.

Ha ein nydeleg førsommardag!