Viser innlegg med etiketten malerier. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten malerier. Vis alle innlegg

lørdag 5. februar 2011

Fabel


Det gode med ufrivillige Elna-feriar, er at ein blir leda inn på nye spor. Eller gamle. No blir malekofferten titt og ofte henta fram igjen. Innimellom byssing av sjuk Elvis finn fargane plassen sin på paletten.

Fargar gjer godt. Særleg når bakken på ny er kvit, og ungar og mann er sjuke... Satsar på snarleg bedring. Og ein ny vår:-)

Fargerik kveld til deg!

søndag 11. juli 2010

Kulturfyr

Igår var vi finfin tur til Ryvarden Kulturfyr i Nord-Rogaland. Turen ut dit er ein historie for seg, sjølve fyret ein annan. Vi er svake for fyr. Ryvarden er ikkje eit unntak.

På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.



Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.

Ha ein fin søndagskveld!

mandag 28. juni 2010

Meir om leik

Laurdag var maledag med Hannah. Endeleg! Veldig kjekt med tanteungar som likar det same som tante!

Me hadde fargeblanding på agendaen, men rakk å lære kvarandre fleire andre ting òg. At det er lov å tøyse og leike seg. At alt er lov.

Og så det viktigaste av alt: at det er lurt å ikkje tenke så mykje. For mykje tenking blokkerer ofte for kreativitet. Det er blant anna derfor mange vaksne trur dei ikkje kan. Som ofte er heilt feil!

Så fram med maling eller teikneark, folkens. Slepp deg laus litt. Våg å leike:-)

søndag 13. juni 2010

Fargerik søndag

Kald søndag ute - inne er det varmt og godt. Akrylmaling og forkle på dei to styrste. Stas!

Facinerande å sjå ungar male. Heilt utan sperre, set dei igong. Herleg. Dei stoppar sjeldan opp, men fyller arket med farge og engasjement.

Skulle gjerne hatt litt av det motet!

Ha ein fin kveld vidare!

lørdag 1. mai 2010

Einsamflygar

Halldis Moren Vesaas var ein flott diktar! Så mange stemningar - så mange bilete. Diktet Einsamflygar brente seg inn, årevis sidan, og blei til eit eige bilete etterkvart. Det handlar om å vere einsam, å vere utanfor flokken. Utan å kanskje forstå kvifor. Kanskje er ein utvald til noko anna.

Diktet er trist. Men eg er viss på at det har ei god ending likevel. At det endar bra for einsamflygaren. Til slutt.

"Ein fugl flyr einsam under stjerner
ikkje gråt for den fuglen, barn - "

Underfundig og lett melankolsk helsing:-)

fredag 23. april 2010

Bilder



Å - det fins mange bilder i dette huset. Dei blir bytta om og skifta ut ofte. No jobbar eg med å ta bilder av dei. Eg skal nemleg starte opp Epla-butikk. Spanande. Og litt skummelt.

Ha ein fin fredag!
Posted by Picasa

torsdag 28. januar 2010

Prosjekter




Som dame er eg vant til å multitaske. Det gjeld òg i min kreative verden. Eg har alltid minst tre prosjekt på gong samtidig. Eg likar å sjonglere mellom dei forskjellige mediene, litt her og litt der. For å vere litt høgtflygande, så trur det gjer at energien flyt friare. Når eg malar må eg med jamne mellomrom ta eit steg tilbake for å sjå biletet på avstand. Sjå om alt stemmer. Sjå biletet med nye auge.

Når ein skiftar mellom forskjellige medier, blir det som om ein tar eit skritt tilbake. Nullstillar seg. Ser som for fyrste gong. Det er lurt. Av og til er alt ein gjer å gå fram og tilbake... Då er det på tide med ein kaffikopp:-)

Det fyrste biletet her er frå eit litt hemmeleg prosjekt. Det er alt eg kan vise no - så lovar eg å vise det i sin heilhet etterkvart. Håpar det fell i smak hjå dei som får det:-)

Dei andre bileta er collageleik. Dei litt sorgfulle ansikta treng ei meining, ein samanheng. Så er det vel mitt ansvar å gje dei det...