tirsdag 7. juni 2011

Rosebinding


Mens eg ventar på at den ekte sorten skal oppdage at det er blomstringstid, lagar eg roser sjølv. Ikkje så vakre og velluktande som dei der ute... Men dei gjer nytten enn så lenge.

Ikveld har eg og Harefrøken vore på syklubb ilag. Sygjengen hadde med størstejentene våre på sommaravslutning, og jentene fekk vere med å sy. Snakk om stas! Harefrøken laga seg i veske, eller ho begynte på ei veske, så var tålmodigheten slutt... Men veska blei ferdig med litt hjelp av mor. Og kjekt hadde me det, alle mann:-) Bilder kjem etterkvart.

Ha ein blomstrande kveld!

søndag 5. juni 2011

Helg forbi

Ei solskinnshelg er forbi. Akkurat ja - når sola skin har eg gløymt månader med regn. Solbyen Bergen:-) Så godt å ha gullfisk-hukommelse innimellom...

Fredag kveld var sydlandsk og fin, med eit ørlite bloggedametreff her i byen. Veldig kjekt å treffe ansikter bak bloggane, og så viste det seg å ikkje vere det minste skummelt. Berre kjekt!

Ta gjerne turen innom desse herlege damene:


Fin kveld til deg!

torsdag 2. juni 2011

Troll



Dagen utan ro
utan trøyst

Regn på ruta
Troll i magen

Få lov til å vere i det
berre idag

onsdag 1. juni 2011

Er eg


Eg samlar
altså er eg

*er eigentleg ganske trist, trøtt og lei for tida. Orkar ikkje kommentere så mykje, men kikkar innom dykk og hentar glede og inspirasjon! Takk for at de er her!*

tirsdag 31. mai 2011

Fine fargefunn


Eg diggar Fretex. Ikkje for dei mange gongene eg ikkje finn nokon ting, berre kjipe brukte ting kor enn eg snur meg. Men for dei gongene eg finn. Som igår - klede i herlege fargar. Raud treningsjakke til meg sjølv i herleg 70-tal. Slengbukse i vilt rosa mønster til ei av tantejentene. Litt striper til jentene(Ja, mora ER faktisk stripegalen...) - og litt oransje/fersken/petrol stæsj til den fargeglade... *sukk*

Ha ein fargerik dag!

mandag 30. mai 2011

Ryddedag


Fridag i ryddingens teikn. Det gjer godt å få rydda, sortere vekk ting ein ikkje treng, legge vintertøy på loftet OG vaske med herleg grønnsåpe etterpå. Reine terapien:-)

Og så fekk endeleg den nye korktavla finne plassen sin i sykroken. Ei gammal treramme frå loppis, som er malt syrleg gul, samt ei gammal korktavle som er kappa og trekt om i gule og lilla stoffer. No er den klar til bruk.

Fekk meg òg ein snartur innom Fretex idag, og er såre fornøyd med den fargerike fangsten. Den får du sjå imorgon:-)

Ha ein fin mandagskveld!

søndag 29. mai 2011

Kompromiss

Eg let haust vere haust ute - sommarkjolen og ullsokkane er på inne. Så kan det berre regne frå seg litt. På bordet står tre fine sommarbukettar, for etter litt leiting og konkurrering fann me faktisk maaaange sorter på turen vår idag. Til og med storkenebb. Då er den rett og slett snart her då. Sommaren.

Fin kveld til deg!

onsdag 25. mai 2011

Stor gutt


Mens regnet framleis høljar ned finn eg fram min yndlingskopp, rynkar bryna i stoffvelgerynkene og lar humla suse. Lillebror har vekst ut av babydyna si og treng større dynetrekk enn det turkise med epler på. No blir det grønt og brunt i herleg retro, og med den fantastiske stoffbiten med indianarar på, som eg vann frå skjønne Dig og Mig.


Ha ein fin onsdag der du er!

mandag 23. mai 2011

Venter


Sommarkjolen heng klar
Solkremen står klar i gangen

No er det bare å komme, Sommaren!

Tusen takk for alle kommentarar og sms'ar eg har fått etter "Skjøre liv"-posten! Mange av dokke veit kva det vil seie å ha alvorleg sjukdom tett på. Takk for at dokke viser omsorg!

søndag 22. mai 2011

Juleverkstad


Sjølvlaga er vellaga. Og juleverkstad er kjekt - sjølv midt i mai. Marsipan, sjokolade og strøssel - samt ein kaffikopp - er finfin aktivitet på ein grå og hustrig lørdag.

Håpar du har hatt ei god helg!