Fin kveld til deg!
tirsdag 21. juni 2011
mandag 20. juni 2011
Baljefin

Iblant er eg litt treg! Det kan eg godt innrømme. På fredag somla eg meg endeleg til å besøke Den grønne baljen - som faktisk ligg heile 5 minuttars kjøring heimefrå...*sukk*Og FOR ein butikk! Her er det både gamle skattar og redesigna skattar! Gamle skulestolar, mintgrøne dører, kabelbord og Figgjo-fajanse. Porselenskoppar opphengt i eit kvitt bjørketre... Sukkertøy for einkvar smak:-) Men sidan eg hadde bomma på linsevalg, og eigaren sterkt anbefalte meg å komma igjen når ho hadde fått fylt opp med nye varer - så får eg gjera det. Lydig som eg er... Så eg får vise fleire bilder ein annan gong!
Ha ein fin junidag!
søndag 19. juni 2011
Døra på gløtt



Eit koseleg gammalt skap frå Finn - litt kvit- og turkismaling - ein Anne Black-knott - og ein dæsj tålmodighet, så blei skapet ganske så forvandla. Treng ein litt sommarfølelse i ei litt forvirra forsommartid - er det bare å åpne døra på gløtt..;-)Fin kveld til deg!
mandag 13. juni 2011
Pinsefint
søndag 12. juni 2011
fredag 10. juni 2011
Nesten sommarkveld
tirsdag 7. juni 2011
Rosebinding
Ikveld har eg og Harefrøken vore på syklubb ilag. Sygjengen hadde med størstejentene våre på sommaravslutning, og jentene fekk vere med å sy. Snakk om stas! Harefrøken laga seg i veske, eller ho begynte på ei veske, så var tålmodigheten slutt... Men veska blei ferdig med litt hjelp av mor. Og kjekt hadde me det, alle mann:-) Bilder kjem etterkvart.
Ha ein blomstrande kveld!
søndag 5. juni 2011
Helg forbi
Fredag kveld var sydlandsk og fin, med eit ørlite bloggedametreff her i byen. Veldig kjekt å treffe ansikter bak bloggane, og så viste det seg å ikkje vere det minste skummelt. Berre kjekt!
Ta gjerne turen innom desse herlege damene:
Fin kveld til deg!
torsdag 2. juni 2011
onsdag 1. juni 2011
Er eg
Abonner på:
Innlegg (Atom)