fredag 2. desember 2011
Det snør
torsdag 1. desember 2011
Alltid på veg
På veg mot nye eventyr. Alltid det.
Blomar frå ein kreativ kveld ilag med fantastiske medbloggarar. Spennande planar for nyåret! Illustrasjonen som var bestilt er no ferdig og er på veg til ferdig produkt. Gler meg! Fleire ballar i lufta, som vanleg. Likar det!
Fin torsdag til deg!
lørdag 26. november 2011
Stressfri sone


Er eg i rute? Til julespel, til fulle kakeboksar, til ein kamelfri og julepynta heim?Det ville i tilfelle vere ein kraftig overdrivelse.
Den raude julestjerna er ikkje på plass i vinduet, og lista med juleforberedelsar finst foreløpig ikkje. Kamelane har det fredeleg under sofaen, og heimen er underleg førjulsfri. Alt det andre står på staden kvil, mens me ventar på julespelet. Men ikkje ei einaste stress-skulder i sikte.
Eg har tid nok. Alltid.
Viss nokon ropar at eg må forte meg, går eg berre ekstra sakte.
tirsdag 22. november 2011
Wake me up
Om eg hadde hatt Iphone hadde denne definitivt stått høgt på ønskelista i år! Det er ikkje ei gamaldags vekkarklokke, men ein ladestasjon for telefonen din! Og lastar du ned den fine Flipflap-klokke app'en òg, har du definitivt ein møblert heim. På soverommet. Fin dag til deg!
Alarm Dock frå Areaware. Bildet er lånt derifrå.
mandag 21. november 2011
Julekort
Det er doble kort med god plass til å skrive fine julehelsingar, og prisen er 20 kr for eitt, 150 kr for 10! Legg igjen ei mailadresse, eller send meg ein mail om du har lyst til å kjøpe:-)
Fin dag til deg!
fredag 18. november 2011
mandag 14. november 2011
Save it for a rainy day
mandag 7. november 2011
Fargelaust?
Men så må eg realitetsorientere meg innimellom. Hadde eg klart å leve utan farge? Utan energien fargane gir meg? Neppe. Eg treng farge. Kvar einaste dag.
Fin kveld til deg!
torsdag 3. november 2011
Litt gjenbrukshistorie
Etter sommarferien kom svigermor med desse nydelege stoffene til meg. Dei var henta ned frå loftet til Grandma. Det er feedsacks, som hønsefor og mjøl og allslags varer blei selde i på 50- og 60-talet i USA. Nevenyttige husmødre sydde dei om til klede, til og med bikiniar har visst blitt til av desse stoffa. For ein fantastisk måte å tenke gjenbruk på! Ved å bruke så vakre stoffer til emballasje, sikra ein at dei levde vidare! Eg seier bare; tenk om ein kunne kjøpe mjøl og kaffi i slike feedsacks nå for tida... Dagligvaren hadde jo vore reine stoffhimmelen:-)
Fin kveld til deg!
tirsdag 1. november 2011
Snartur
Abonner på:
Innlegg (Atom)