torsdag 12. januar 2012

Ferm vår



Det er vår hjå Ferm Living òg. Og den nye kolleksjonen skuffar ikkje. Geometri og pastell er framleis fresht og lett å like! I like!

Fin torsdag til deg!

onsdag 11. januar 2012

Vårkjensle




Eg og dei to minste nyter rolege fridagar i rogalandet.

Idag fekk me til stor glede SOL, og vårkjensla kom på plass i same augneblinken. Skogen luktar mold og væte, men trea står klare med store, fine knoppar. Skattar blir plukka og laga om til ein vårkrans. Berre fordi me vil. Og fordi det nærmar seg vår. Jammen gjer det det!

Fin onsdag til deg!

mandag 9. januar 2012

Varm rundt hjarta


"Kalde hender - men varm rundt hjarta", pleide mormor alltid seie.
Heldigvis har ikkje ein frostig kropp noko å gjere med evna til empati, evna til å elske.

Det nærmar seg Valentinsdag - og kva er vel betre enn ei heimelaga gåve - laga av den slitne genseren, som duftar godt av deg. Til å varme kjæresten sine frosne føter. Så kan han både ha varme føter og varmt hjarta.

Om du vil lage: klyppe rommeleg etter mønster frå varmeflaska. Sy rette mot rette. Vreng, legg varmeflaska i, og tove alt i hop i maskinen på 40 grader. Om det ikkje blir nok, skrur du opp til 60 grader. Tørk, fyll i varmt vatn - og voilà - klar til bruk.

tirsdag 3. januar 2012

Å sette farge på


Når året ligg der, nytt og ubrukt. Eit kvitt lerret.
Kva skal ein bruke det til? Kva fargar skal ein sette på det?
Kva fargar vil det sette på deg?

Måtte berre dele desse bildene med deg
frå ein fantastisk interaktiv utstilling i Australia
"The obliteration room"
Kva skjer når du gir tusenvis av klistremerker til ein haug med ungar?
Dette

Ikkje ver redd for å sette den fyrste fargen på lerretet
Velg berre dei fargane du likar
Stopp i tide

Det blir eit bra år
2012
Det er eg sikker på!


Bilder frå GOMA

lørdag 24. desember 2011

Juleønske

Eg håpar jula blir fin. For oss alle. Om ikkje alt blir som planlagt. Om det er nokon ein saknar. Om julesnøen ikkje kjem. For jula er her uansett. La oss ta vare på. La oss gjere vårt beste. For den store stjerna lyser over ein stall ein stad. Og himmelen kviler på strå.

Fredeleg jul til deg!

torsdag 22. desember 2011

Reprise



Siden førjulstida iår har bestått av julespel, jobbing og vannkoppar - må eg leite i fjorårets bilder for å finne kreative krumspring. Iår nøyer me oss med dei basale tinga - nokre sorter småkaker, røykelse og juletre. Jul blir det uansett!

Fin pittelitlejulafta til deg!

søndag 18. desember 2011

I siste liten




Siste førjulsveka allerede. Her i heimen går det i vannkoppar og førjulskos. Det me ikkje gjere, gjer me ikkje. Og det me gjere - er me lovleg seine med...

Igår morges var det postkortstemning i skogen - så me pakka med oss skinnfellar og tepper og laga oss ein liten fotoseanse ute i det fri. Ufyseleg idyllisk, sjølvsagt - men det er jo berre utanpå. Her er før og etter - eit herleg kaos. Men bildene blei fine, dei:-)

Fin søndag til deg!

tirsdag 13. desember 2011

Raud dag


13. desember og luciadag. Men ingen dag er utan farge her i heimen. Kvitkledd med lys i hår - nope. Ikkje eingong Mollemor ville finne seg i å gå i kvitt, så ho stilte opp i lilla ullklede i luciatoget...

Så her får du bilder med fargar, som vanleg. Den raude fargen snik seg inn. Alltid. Den tek stor plass, men er energigivande og lett å like. Brukt med varsomhet er den ein strålande gjest.

Ha ein fin dag - og pass på så du ikkje bles bort!

mandag 12. desember 2011

Julemarked


På fredag var eg på det årlege kunst- og designmarkedet her i byen. Alltid mykje fint og facinerande å sjå. Dette året kunne eg ikkje gå heim utan ein illustrasjon frå Katrin Berge. Dei litt surrealistiske teikningane hennar er eventyr og islandsk mytologi.

Eit lite ekorn med tversoversløyfe blir fin på jakka i vinter. Og under ligger eit flott silketrykk frå denne flinke dama, som skal bli pute til Jan Kran. Som garantert ikkje les dette:-)

Fin dag til deg!

onsdag 7. desember 2011

Ho listar seg inn


Ho listar seg inn, jula. Nesten umerkeleg. Slik som den vakre keramikk-stjerna som denne bloggaren har laga. Ellers er julefølelsen absolutt tilstades, med florlett nysnø ute og englevinge-sying inne. Førjulstid er fint! Når berre julespelet er over, skal det vel bli ei råd med julebakst òg. Gler meg!

Fin førjulskveld til deg!