onsdag 21. mars 2012

Dryppande dag




Ein dryppande dag ute
inne er det stilt og sakralt
kvitt, lyst og stilt

ein kaffikopp før dagen startar
og fargane kviknar til

---

Ha ein frisk og fin dag!


tirsdag 20. mars 2012

Stilleben



Mitt bidrag i utfordringa til

Eit stilleben
passe metta av fargar
passe rotete
passe Vestablikk:-)

Grønn krok





Vårlyset er absolutt på veg
ute kan ein finne snøklokker
knoppar på trea står klare
og ventar på varme

Inne ba ein grønn krok
om å bli vist fram

ein liten søt robot
ei flygande ku
og ein geitekilling

Ha ein fiiiin vårdag!

søndag 18. mars 2012

Prikkestunt


har noko som liknar på
ein virussjukdom
spreidd seg til badet

Neutral såpe
der etiketten lett let seg rive av
samt litt neon maling
Og Voilá:
ein prikkete såpebeholdar!

God søndagskveld til deg!

fredag 16. mars 2012

Helgestart


Etter ein travel dag
der eg til og med fekk hjelpe
ein liten gut til verda
er det godt med helg

No ventar fine fridagar
og speidartur til fjells!
Gler meg!

God helg til deg!

onsdag 14. mars 2012

Fargeprøvar


Ei lita jente og ein sjølvsnikra krakk
tre fine fargeprøvar
no blir det ikkje enkelt å velge...

...

Eg er ikkje kjøpt og betalt
av Flügger
men fargeprøvar til 20 kr stk?

Kven kan motstå det?

Ha ein fin nesten-vårdag!

søndag 11. mars 2012

Nytt forsøk


Fyrste foto-transfer-forsøk
blir til eit bursdagskort i tre til svigermor.

Eg "les meg opp" på youtube,
og skal videreformidla framgongsmåten,
når eg berre får det heilt til sjølv...

Ha ein fin søndag!


mandag 5. mars 2012

Tar helg


Mandag morgon og eg tar helg
etter ei travel veke
med seks arbeidsdagar

Eg startar med
ein kopp kaffi
og lar helgefølelsen komme

Fin mandag til deg!

torsdag 1. mars 2012

Litt nytt likevel

Stadig innan same bransje
men ny jobb på poliklinikk
spanande

Stadig nye møter
nye menneske

glede
tårer
matte smil
svulmande stolthet

nyfødte mammaer
og nyfødte pappaer

---

Litt nye prosjekter òg
umogeleg å la vere
Bildet er frå eit av dei

Stikkord:
Come fly with me

Er spent, spent:-)

onsdag 29. februar 2012

Gamalt nytt





Det er ikkje noko nytt

at eg er tullete
etter gamle plastleiker

At våren
er i anmarsj
derimot

Det er nytt
og alldeles
fantastisk!