onsdag 25. april 2012

Liten og lukkeleg


Å gjere mine gleder enkle
Eg øver meg
kvar dag

Fin onsdag til deg!

tirsdag 24. april 2012

Litt loppis




Så blei det litt loppis denne helga
ein fin lampe og ein pus
blei med heim

Kanskje litt meir òg
viss eg tenker etter...

Fin kveld til deg!

onsdag 18. april 2012

Kursdag




Å lære seg silketrykk har stått øverst på lista i mange år.
Idag skjedde det endeleg. På Trykkeriet i Bergen. Skikkeleg stas!
Flink lærar, og muligheter til å leige seg inn på dagsbasis for å jobbe meir!
Er det rart eg gliser?

søndag 15. april 2012

lørdag 31. mars 2012

Jaja


Eg nådde desverre ikkje opp
i SAS sin konkurranse
der ein skulle designe
pappkoppen
dei skal servere deg kaffi og te i

Jajasann

Her kan du sjå den fine vinnaren!

Fin lørdag til deg!

*Dersom linken over ikkje virker:
sas.no/design

onsdag 28. mars 2012

Mint



Harefrøken sin krakk er fargesett
ho fekk plukka farge
frå Flügger si fargevifte
og har malt sjølv
med berre litt hjelp

skulle nesten tru
det var mora
som hadde vald farge..

Fin dag til deg!

lørdag 24. mars 2012

Sol



Skoddehavet letta nettopp
og overlet dagen til sola

Eg må ut!

Ha ein flott dag!

---

Den vesle skeia oppi sukkerskåla
har sin eigen historie;
ein brudgom spikka slike
til alle sine bryllupsgjester
70 tilsaman!

Våre skeier har vore i dagleg bruk
i over 10 år no

Så skjøre
så sterke
så fine!

onsdag 21. mars 2012

Dryppande dag




Ein dryppande dag ute
inne er det stilt og sakralt
kvitt, lyst og stilt

ein kaffikopp før dagen startar
og fargane kviknar til

---

Ha ein frisk og fin dag!


tirsdag 20. mars 2012

Stilleben



Mitt bidrag i utfordringa til

Eit stilleben
passe metta av fargar
passe rotete
passe Vestablikk:-)

Grønn krok





Vårlyset er absolutt på veg
ute kan ein finne snøklokker
knoppar på trea står klare
og ventar på varme

Inne ba ein grønn krok
om å bli vist fram

ein liten søt robot
ei flygande ku
og ein geitekilling

Ha ein fiiiin vårdag!