fredag 28. januar 2011

Eit heilt harem

Elna er i farten igjen! Det viste seg at ho berre mangla litt olje og generell omsorg - så plystra ho avgårde igjen! Heldige meg - som då var på nippet til å gå på veggane...


Så då kunne eg ta fatt på haugen med halvferdige prosjekter. Fann ei løysing på den kranglete "ribben" på Elvis si bukse, som ikkje fungerte så godt som ribb. No heng buksa oppe òg. Kan vere greit det.

Og så eit bilde av eit plagg som har skapt mykje munterhet i heimen dei siste dagane. Mor si haremsbukse. Med stripete ribb oppe og nede. Deilig bukse. Men altså litt "morsom" ifølge Vestablikkmannen...

Men pyttsann - eg tåler det, eg:-)

Her ber det over fjellet med tog til Oslo imorgon. Me har hatt nedtelling i vekesvis no, ungane gler seg ihjel! Dåp for eit ferskt søskenbarn. Det blir stas. Over helga skal eg vise dåpspresangen som eg ferdigstilte igår. I gooooood tid...*puh*..

Ha ei flott helg!

torsdag 27. januar 2011

onsdag 26. januar 2011

Sol


Låg ettermiddagssol inn vinduene
Nydeleg

Godstolen ventar
ikveld blir det herleg avslapping der
istaden for springing på jobb:-)

God ettermiddag til deg som er innom!

fredag 21. januar 2011

Mildver

Det er vår i lufta
Idag kunne eg gå ganske langt utan vottar
Fuglane sit i buskane og kvitrar

Det regnar litt
Men det gjer ingenting

Frihelg, Skavlan og litt sjokolade
Og vår
Snart

onsdag 19. januar 2011

Geitestreker

Geiter er søte. Nysgjerrige og sosiale. Ikkje heilt uventa at det dukka ei geit opp i samlinga.

Ha ein fin onsdagskveld!

tirsdag 18. januar 2011

Kvardagsglimt



Skrubbsår og maling for Mollemor
Tannlegebesøk for Harefrøken
Kaffi og kake til mor
og pittelitt tid til nytt geitetrykk

Alt på ein heilt vanleg tirsdag

Mmmm...




mandag 17. januar 2011

Stille mandag



Stilt i huset
Frimandag etter jobbehelg
Godt å kvile
Finne kvilepulsen

Men saknar Elvis
som er på tilvenning i barnehagen
Her er litt for stilt...


torsdag 13. januar 2011

Isbjørntid


Det snør igjen. Mykje. Eg gjentar meg sjølv, det veit eg.

Men snø og vinter inspirerer òg. Igår fekk Mollemor nye vintersko som skal halde henne varm på føttene. Mor var mest interessert i det fine isbjørnmerket... Så etter studering av det vakre polare dyret på nettet igår kveld, kom dette trykket til.

Ha ein fin vinterdag der du er! Og ser du ein isbjørn med ei kråke på rumpa - ja, då er den garantert vennligsinna!