mandag 21. november 2011

Julekort



No er det trykka opp julekort av illustrasjonen eg laga for julespelet. Salet av korta går til inntekt for Kirkens Bymisjon i Bergen, som gjer ein fantastisk innsats for utsatte grupper. Kortreist hjelp til nokon som gruar seg til jul.

Det er doble kort med god plass til å skrive fine julehelsingar, og prisen er 20 kr for eitt, 150 kr for 10! Legg igjen ei mailadresse, eller send meg ein mail om du har lyst til å kjøpe:-)

Fin dag til deg!

fredag 18. november 2011

Kreativt kaos



Mørkt midt på dagen
Inne er det lys, lys, lys
og masse kjekt rot

Fin fredag til deg!

mandag 14. november 2011

Save it for a rainy day




Berre ein blome eller to til deg
og ei solstråle som fann vegen inn

Du kan spare dei til ein dag det regnar
Om du vil

mandag 7. november 2011

Fargelaust?



Å - kor eg likar sarte, monokrone, naturlege interiør. Svart-kvite eller kvit-kvite interiør der teksturane får spele ei viktig rolle. Ro for auga, kvile for pulsen. Nydeleg.

Men så må eg realitetsorientere meg innimellom. Hadde eg klart å leve utan farge? Utan energien fargane gir meg? Neppe. Eg treng farge. Kvar einaste dag.

Fin kveld til deg!

torsdag 3. november 2011

Litt gjenbrukshistorie


Etter sommarferien kom svigermor med desse nydelege stoffene til meg. Dei var henta ned frå loftet til Grandma. Det er feedsacks, som hønsefor og mjøl og allslags varer blei selde i på 50- og 60-talet i USA. Nevenyttige husmødre sydde dei om til klede, til og med bikiniar har visst blitt til av desse stoffa. For ein fantastisk måte å tenke gjenbruk på! Ved å bruke så vakre stoffer til emballasje, sikra ein at dei levde vidare! Eg seier bare; tenk om ein kunne kjøpe mjøl og kaffi i slike feedsacks nå for tida... Dagligvaren hadde jo vore reine stoffhimmelen:-)

Fin kveld til deg!

tirsdag 1. november 2011

Snartur


Berre ein snartur innom for å sei hei! Det er travle tider - julespeltravelt. Mykje folk i sving, ungar og vaksne, amatørar og proffar. Det blir stort! Eg jobbar med kostyme og scene, det er både utfordrande og artig.

Joda, jula nærmar seg med sjumilssteg. Hurra og huttetu:-)

Fin kveld til deg!

torsdag 27. oktober 2011

Kjenne på livet


Nye utfordringar
ilag med menneske som brenn

Våge seg utpå
Ut av komfort-sona

Livet
med kvite skumtoppar på

Eg likar det.

søndag 23. oktober 2011

Mi årstid



Blesten syng framleis - hovudet er fylt til randen av godlyder; susing i gule tretoppar, rasling i tørre blader på bakken, barnelatter. Lauvkrig med den fine gjengen min. Så godt for både auge, øyre og hjarte. Eg har lagra det på den interne harddisken. Til å hente fram igjen når vinteren blir for grå og kald. Til å lune seg på.

Fin søndagskveld til deg!

lørdag 22. oktober 2011

Fødselsdag



Idag er Vestablikkmannen sin dag! Ennå ung - men litt eldre enn på den øverste teikninga her, som vart laga til bryllupsdagen i 2000.

Gratulerer med dagen - du er den aller beste!

God helg til deg som er innom!

torsdag 20. oktober 2011

Innespurv



Dyra er visst i fleirtal hjå oss. No er òg ein spurv komen, og sit fullstendig harmonisk ilag med musa, som kikkar ned på det beitande rådyret. Ungane syns ikkje det er det minste rart heller, dei er vande med små venner som dukkar opp her og der...

Spurven er klipt ut i svart papp og sett opp på veggen med lærarkitt. Enkelt og greit. Minimalt med energibruk, noko som passar meg godt no om dagen...

Fin dag til deg!