onsdag 14. mars 2012
Fargeprøvar
Ei lita jente og ein sjølvsnikra krakk
tre fine fargeprøvar
no blir det ikkje enkelt å velge...
...
Eg er ikkje kjøpt og betalt
av Flügger
men fargeprøvar til 20 kr stk?
Kven kan motstå det?
Ha ein fin nesten-vårdag!
søndag 11. mars 2012
Nytt forsøk
Fyrste foto-transfer-forsøk
blir til eit bursdagskort i tre til svigermor.
Eg "les meg opp" på youtube,
og skal videreformidla framgongsmåten,
når eg berre får det heilt til sjølv...
Ha ein fin søndag!
mandag 5. mars 2012
Tar helg
Mandag morgon og eg tar helg
etter ei travel veke
med seks arbeidsdagar
Eg startar med
ein kopp kaffi
og lar helgefølelsen komme
Fin mandag til deg!
torsdag 1. mars 2012
Litt nytt likevel
Stadig innan same bransje
men ny jobb på poliklinikk
spanande
Stadig nye møter
nye menneske
glede
tårer
matte smil
svulmande stolthet
nyfødte mammaer
og nyfødte pappaer
---
Litt nye prosjekter òg
umogeleg å la vere
Bildet er frå eit av dei
Stikkord:
Come fly with me
Er spent, spent:-)
onsdag 29. februar 2012
Gamalt nytt
Det er ikkje noko nytt
at eg er tullete
etter
gamle plastleiker
At våren
er i anmarsj
derimot
Det er nytt
og alldeles
fantastisk!
onsdag 15. februar 2012
Småtteri
Dagen idag
og ein god kopp kaffi
---
Ha ein fin dag!
lørdag 11. februar 2012
Om å finne
Nokre dagar leitar eg
andre dagar finn eg
Nokre gamle skuffer
frå Janus-fabrikken
kan bli til ein settekasse
Når eg plutseleg forstår
kva skattar
eg faktisk eig
...
Håpar helga er snill med deg!
torsdag 9. februar 2012
Vår på veggen
Eg nådde visst ikkje
NIB si utfordring
om vår på veggen
Det gjer ingenting
Her får du det likevel
litt vårlege bilder
frå jentene sin bildevegg
nytt og gammalt
heimelaga og kjøpt
ein god dæsj farge
sjølvsagt
Ha ein fortryllande fin dag!
Og tusen takk for fine kommentarar
og nye følgarar
Eg blir så glad!
onsdag 8. februar 2012
På trykk
Vestablikk er i det nyaste Obos-bladet
som snart dumpar ned i postkassane til medlemmene.
Takk Cathrine -
for ein artig utfordring!
mandag 6. februar 2012
Denne dagen
Denne dagen
grå, våt og kald
Kanskje treng den berre
ein skvett farge
Kanskje det er alt
som skal til?
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)