mandag 11. juni 2012

Ordnings



Å halde orden
i papirer i ein familie på fem
kan vere ein utfordring

No syt denne arkivmappa for
at me alltid veit kor ting er

At den er fin i tillegg
er heilt i orden:-)

Fin dag til deg!

---

Mappa er frå Hay.

lørdag 9. juni 2012

Smak av sommar






Ein fredagskveld på tur
ilag med gode venner

Elvebading
badstu
blomsterplukk
varmesuppe
og 
lys, lys sommarkveld

Rett og slett
ein smak av sommar!

tirsdag 5. juni 2012

Bølge




Eit lite Etsy-funn
til beste litlebroren min

Lenge sidan eg har sett han 
men no nærmar det seg

Gler meg! 

mandag 4. juni 2012

OK



Visst er det kaldt
ute

men sommaren er i rute

inne i varmen står no
verdens finaste blomster 
i vase

OK
sommaren - 
du kjem når du vil

og enn så lenge
et me is og kjøler oss ned
sånn i tilfelle du plutseleg 
kjem

torsdag 31. mai 2012



VÅR

Eg likar deg!


---


Eg har problem med at bilda mine som blir lasta opp til blogspot blir uklare for tida. 
Nokon som har opplevd det same - og evt funne ut kvifor?

fredag 25. mai 2012





Av og til
finn ikkje orda meg

Det går bra likevel

Her er litt bilder til deg!

God pinsehelg!

tirsdag 22. mai 2012

Vår og pyttsann




Helga vår 
ilag med fine folk
i ein nydeleg fjordende i Sogn

Mat på bål
ungar og vaksne
som storkoste seg ute
bading
fisk
hjort
VÅR

Idag seier eg 
PYTTSANN
til 
kaniner og større dyr
under 
sofaen

Lukker augene ei lita stund
og er tilbake 
i fredeleg
og storslått
natur

---

Ha ein nydeleg dag! Husk å NYTE!

mandag 14. mai 2012

Utfordring




Berre litt fargeterapi
for meg og for deg

Spennande
og litt
skummelt

med fagdagar på klinikken
mitt ansvar at andre
lærer 
erfarer
deler

Kanskje

går det heilt fint?

søndag 13. mai 2012

Fleire favorittar







Skal du til København
anbefaler eg desse to butikkane sterkt:


Begge to sentralt i byen
Begge to fulle av vakre stilleben

Fin søndagskveld til deg!

-----

Dei øverste bildene er frå Hay,
dei to nederste frå Stilleben.

fredag 11. mai 2012

Sukkertøybutikk





Lurar på korleis det går an
å lage ein så søt butikk 
som Liebe?

Fin fredagskveld til deg!