Det regnar mot ruta
fine lyder
blåbleikt morgonlys
Stilt i huset
sove no
før nattevakt ikveld
Fin onsdag til deg!
Eg kjøpte eit skap på eit stort flyttesalg for litt sidan. Sjeldan har eg vel gjort eit slikt kupp. Med ein aldri så liten sjarmoffensiv blei skapet mitt for 500 kr. No er det vaska og flikka litt på, og lavendelposane ligg inni for å "godgjera" skapet litt. Herleg, gammalt og blytungt... - eg diggar skapet mitt!
Eg lovde fleire bilder frå den lokale bruktbutikken, Den grønne Baljen. Idag tok eg turen innom med betre linse, og koste meg med øyefryd i kvar krok! Koselege Kerstin hadde farta rundt på masse svenske og danske loppisar i sommar, og det viste igjen! Utruleg mykje fint!