fredag 13. august 2010

Litt til

Neida - sommaren er ikkje over. Ikkje heilt ennå. Eg har funne eit gult blad. To òg. Inatt høyrte eg grågåsa som bråkete annonserte retningen den fòr. Dramaqueen, som alltid.

Men her er varmt når sola skin. Morgonane er ennå lyse. Det luktar sommar og blåbær av skogen.

Så ikkje gå heilt ennå Sommaren - bli litt til!

torsdag 12. august 2010

På galeien

Javel - så er eg på galeien igjen. Eg syr utan mønster. Kven veit om det blir ein ferdig kjole til Mollemor, eller om det blir i størrelse dukke...

Om eg har overdreven tru på eigne ferdigheter eller om det rett og slett berre er dumskap - er jammen ikkje godt å seie. Eg trør uti gong på gong. Det blir bra omtrent anna kvar gong. No bomma eg skikkelig sist, så då kan eg jo berre håpe denne gongen..:-)

Puta over er frå dagens Fretex-besøk. Utruleg skjønn!

Ellers så har eg fått ein kjempefin award frå skjønne Mammadamen. Og så glad eg blir for slikt! Har du ikkje kikka innom henne før - så gjer det her.

Ha ein fin kveld vidare!

tirsdag 10. august 2010

Stille morgon

Nei, det er ikkje feriemorgon. Og det er vel knapt morgon heller. Klokka er halv fem på ettermiddagen.

Både ferie og permisjon er over, og eg er tilbake på jobb. Travle vakter på ei travel avdeling. Dag som natt. Spesielt natt. Så etter ei nattevakt som denne, er det godt å ha det litt stille når eg vaknar. Sitte i pysjen og drikke kaffi. Dingle litt med bare bein. Strekke seg, og kjenne at det knirkar litt i kroppen. Vakne sakte.

God "morgon" til deg!

mandag 9. august 2010

Skulejente

Vi har fått ei stor skulejente! Ho er så klar til nye utfordringar - lære å lese og skrive, og ikkje minst; å få lekser! La oss håpe at entusiasmen varer leeeenge!

Igår begynte eg på mitt første prosjekt sydd etter mønster. På tide kanskje. Underveis vart det mykje kløing i hovudet, når framgangsmåten sto på pussig svensk, og minna om fortøying av båt, meir enn sying av kantebånd. Men eg rodde meg i land.
Og fortøyde:-)

Så skulejenta har fått sin skulekjole. Og er veldig fornøyd med det.

Og eg, eg må kanskje vurdere fleire mønster. For eg innrømmer at det var ganske avslappande å ikkje ha heile ansvaret sjølv...

Ha ein fin mandag!

lørdag 7. august 2010

Festdag

Fredagens jubilant er ei modig dame. Ei som lever godt og sterkt. Som deler av både glede og sorg, latter og gråt. Klart ho måtte få vimplar i yndlingsfargane raud og oransje. Energiske fargar for ei energisk dame!


Takk for ein kjempekoseleg fest!

Ein fin søndag til deg som er innom!

fredag 6. august 2010

Smugkikk

Litt detaljar frå jenterommet, medan dei er ute på tur. Her er ein god blanding av nye og gamle ting, samt nokre av mamsen sine rare dyr...


Aftenbøna er arva frå mamma. Ho fekk det av si bestemor som treåring. Nydeleg fint - og så er det ei av kveldsbønene me brukte mykje. Så kjekt å ha med seg vidare. Det ein høyrte ofte som liten, sit jammen fast.

Eg sit i godstolen med beina høgt. Ladar opp til 40-årslag ikveld! Gler meg stort!
Ha ei fin helg!

torsdag 5. august 2010

Mormorskjørt

Eit arva skjørt frå verdas beste mormor, med det smalaste livet du kan tenke deg. Saks, litt dongeristoff til ein kant, og litt tid bak Elna - så vart det eit asymmetrisk skjørt, fullt brukbart i 2010. Ekstra kjekt er det at mormor var så flink til å sy - så ho hadde heilt sikkert likt litt vaskeekte redesign. Trur du ikkje?

Eg må berre seie tusen takk for alle koselege kommentarar de legg igjen - det er stor stas!

Ei god natt til alle bloggevenner!

onsdag 4. august 2010

Trykketid

Neida - det har ingenting med fødsel å gjere... Men ein stoooor ladning nytrykka kort som skal avgårde til østlandet. God tur til dei.

Ha ei god natt!

Systue

Sying er, som mykje anna, dobbelt så kjekt ilag med andre! Me har bestemt oss for å ha faste sykveldar. Kjekt! Tenk kor mykje me kan læra kvarandre!

Eg syns å merke at sying er i vinden - iallefall her vest. Merkar du det òg?

Ha ein fin dag!

- og for dei som lurer: jo, det går fint an å "tatla" mens symaskinane durar avgårde. Ingen problem:-)

fredag 30. juli 2010

Scootergirl

Scooter er tøft! Faktisk ein ting eg likar kjempegodt. Det skulle veldig gjerne ha vore ein snerten liten Vespa. Men peugeot funkar like godt. Sikkert bedre.

Suse avgårde til jobb, forbi morgonrushet, parkere ved inngongsdøra - og det heilt gratis! Jo, fordelane er heilt klart i pluss. At det av og til regnar her i byen, er lett å gløyme.

Behovet for eit nytt nett meldte seg her i sommar. Det forrige gav seg, pga høg alder. Då måtte det jo bli eit gult eit! Er det mogeleg å ikkje bli glad av gult? Eg bare spør.

Nettet er allereie døypt scooterveska. Det har mange kjekke scooterturar å sjå fram til!

Ei god natt til deg som ser innom!