Designsstudentane frå Bergen stiller ut prototypane sine på Stockholm Furniture Fair som pågår no. Denne stolen skil seg ut - ein estetisk vakker stol som i tillegg ser ut til å vere god å sitte i! Den er laga av Karoline Løken Helland, som har kalla den Wirkola.
Det skulle ikkje forundre meg om denne stolen blir lagt merke til av fleire!
Mine små venner frå Fabuland. Dei har fått innvilga asylsøknadar, og får fast tilhald hjå oss. Stor var gleda då eg fann dei igjen, for desse leika eg verkeleg mykje med som liten! No får dei lufta seg igjen! Det trur eg dei er glade for.
Kall meg gjerne litt treg - men eg er ikkje ferdig med fluesopp. Når det ikkje fins ekte i skogen nett no, så pyntar eg gjerne med dei inne. Men ungane får lynkurs i soppvett. Vil jo ikkje at dei skal tru at denne typen er etande. Sjølv om innhaldet i Norgesglaset er...
Benken under slepte eg med meg heim frå Fretex igår. Ein ekte Bruksbo-benk i palisander! Og slepte gjorde eg - for den vog maaaaange kilo! Og fin er den!
Dei har gjort det igjen! Samarbeidet mellom danske Ferm Living og norske Darling Clementine er det sving over! - no har dei blant anna laga eit lekkert barneservice.
Helga her i huset var alt anna enn fredeleg, med spysjuka på far og mor etter tur. Så vekestarten blir prega av rekonvalesens...
Det gode med ufrivillige Elna-feriar, er at ein blir leda inn på nye spor. Eller gamle. No blir malekofferten titt og ofte henta fram igjen. Innimellom byssing av sjuk Elvis finn fargane plassen sin på paletten.
Fargar gjer godt. Særleg når bakken på ny er kvit, og ungar og mann er sjuke... Satsar på snarleg bedring. Og ein ny vår:-)
Vel heime igjen etter ein fin tur til hovedstaden. Nydeleg dåpsgut, verdas vakraste togreise(heilt til eg vart togsjuk..), besøke brødre, og få oppfyllt ei gamal draum; å gå på skeiser seint på kvelden i Spikersuppa. Med flombelysning og 80-talsmusikk. Og le heile veien rundt:-)
Bileta er av dåpsgåva vår. Dåpsbarnet ynskte seg noko til å ha på veggen(!) Så då vart det ein "Blåmann" - bilde og tøypose i same stil.