søndag 13. februar 2011

Mammadag

Gratulerer så masse med dagen, medmødre! Visst er me heldige! Eigen dag, til og med!

Eg er i tillegg så heldig at eg har verdens beste mor! Omsorgsfull, sterk og flink! Denne gongen fekk ho seg ei raud veske. Rykande fersk, rett ifrå sybordet... Ferdig i gooood tid - som alltid;-)


Fin søndagskveld til deg!

lørdag 12. februar 2011

Helg

Sol, helg og besøk av mamma og pappa! Finfint!
God helg til deg som er innom!

fredag 11. februar 2011

Møbelhopp

Designsstudentane frå Bergen stiller ut prototypane sine på Stockholm Furniture Fair som pågår no. Denne stolen skil seg ut - ein estetisk vakker stol som i tillegg ser ut til å vere god å sitte i! Den er laga av Karoline Løken Helland, som har kalla den Wirkola.
Det skulle ikkje forundre meg om denne stolen blir lagt merke til av fleire!

Lykke til, Karoline!

Fotograf Bjarte Bjørkum

torsdag 10. februar 2011

Fabuland

Mine små venner frå Fabuland. Dei har fått innvilga asylsøknadar, og får fast tilhald hjå oss. Stor var gleda då eg fann dei igjen, for desse leika eg verkeleg mykje med som liten! No får dei lufta seg igjen! Det trur eg dei er glade for.


Fin kveld til deg!

tirsdag 8. februar 2011

Treging


Kall meg gjerne litt treg - men eg er ikkje ferdig med fluesopp. Når det ikkje fins ekte i skogen nett no, så pyntar eg gjerne med dei inne. Men ungane får lynkurs i soppvett. Vil jo ikkje at dei skal tru at denne typen er etande. Sjølv om innhaldet i Norgesglaset er...

Det nydelege Soppskog-trykket er av denne flinke dama.

Benken under slepte eg med meg heim frå Fretex igår. Ein ekte Bruksbo-benk i palisander! Og slepte gjorde eg - for den vog maaaaange kilo! Og fin er den!


Ha ein fin dag der ute, venner!

mandag 7. februar 2011

Med ferm hånd




Dei har gjort det igjen! Samarbeidet mellom danske Ferm Living og norske Darling Clementine er det sving over! - no har dei blant anna laga eit lekkert barneservice.

Helga her i huset var alt anna enn fredeleg, med spysjuka på far og mor etter tur. Så vekestarten blir prega av rekonvalesens...

Ha ein fin mandag!

Bilder lånt med tillatelse frå Ferm Living


lørdag 5. februar 2011

Fabel


Det gode med ufrivillige Elna-feriar, er at ein blir leda inn på nye spor. Eller gamle. No blir malekofferten titt og ofte henta fram igjen. Innimellom byssing av sjuk Elvis finn fargane plassen sin på paletten.

Fargar gjer godt. Særleg når bakken på ny er kvit, og ungar og mann er sjuke... Satsar på snarleg bedring. Og ein ny vår:-)

Fargerik kveld til deg!

fredag 4. februar 2011

Takk

Fredag
Fyr i omnen
Ein ørliten kaffikopp

Ein sjuk liten Elvis
to litt friskare storesøstre
Heldigvis

Takk for alle fine kommentarar
De er bare best!

Fin helg til deg!

onsdag 2. februar 2011

Orden

Eit lite bilde til NIB sin februarutfordring.
Orden på den bloggbare måten -
Gamle koffertar
Barnekoffertar
Sirleg merka med navn eller innhold

Fint OG praktisk!

Fin kveld til deg!