onsdag 9. mars 2011
Augefryd
Litt augefryd på ein heilt vanleg onsdag. Ein heilt vanleg, litt småsur onsdag i mars.
Men våren er i rute. Eg har sett snøklokker. Våren er på veg!
mandag 7. mars 2011
Kilta
Desse finnane har budd hjå oss i fleire år no. Dei er knallgode å sitte i, og er designa av Olli Mannermaa i 1955. No ynskjer fire stykker av dei ein ny heim. Kanskje dette er stolane DU ser etter? Send meg gjerne ein mail dersom du er interessert:-)
Ellers nærmar basaren min seg. På torsdag trekker eg den som får Fri-bildet. Vil du vere med - så legg gjerne igjen ein lyd her...
Fin tirsdagskveld til deg!
fredag 4. mars 2011
Fin fredag
Så er det helg igjen, og fine fridagar ligg plutseleg bak oss. Dei gjekk så fort! No skal me rånyte dei siste dagane, og så gå på jobb på mandag med nyvunnen energi og pågongsmot. Trur eg...
For me har fått leika, lest, malt inne, jobba ute, strikka litt, heia litt. Bållukt i nasen, heftgrunn i håret og sjokolade i magen. Ja, me har hatt det flott!
Håpar du har det flott òg!
torsdag 3. mars 2011
Vårdag
Berre ein snartur innom for å uttrykke gleda over at våren er på veg! Me nyter vinterferien i nydeleg vårver i Rogaland, idag med skogrydding, bålbrenning og middag ute. Det gjorde veldig godt for ein vinter- og bytrøtt sjel. Kjeledress, ekte skit og solvarme i fjeset. Har leita forgjeves i speilet etter fregner på nasen, men det gjer ingenting. Dei kjem. Snart!
Fin kveld til deg!
mandag 28. februar 2011
Kvilepuls
Eg har til og med begynt å strikka. Eller spøta, som eg burde sagt. Eg er veldig glad i dialekta mi, men den er avslepen no. Etter år med spørjande blikk og "Kva sa du?" - så legg ein motvillig frå seg dei frodigaste orda. Desverre. Men eg kan heldigvis enno. Alle orda. Ordrikdomen. Eg må ikkje gløyme.
Tur til Fretex idag resulterte i både innskot og uttak. Som vanleg:-) Ein fin, gul kopp ropte på meg, det same gjorde bildet med jente og hund.
Håpar vinteren er snill med deg! Her letta skodda idag, og openberra ein vinter(vår?)idyll. Sol og kaffikos ute! Herleg!
Du kan framleis vere med på basaren min - berre legg att ein kommentar om kva VÅR betyr for deg. Det kan du gjere HER.
torsdag 24. februar 2011
Fest og basar
No syns eg det er på høg tid å feire litt! Over 100 vestablikkvenner og masse besøk dagleg er stor stas! Og alle kommentarar de legg igjen gjer stor lukke! No vil eg gi litt tilbake!
Utfordringa di blir å skrive ein liten kommentar om kva som er VÅR for deg! Ein ting eller to! Så trekker eg ut ein tilfeldig vinnar 10. mars.
1. premie er Fri-bildet. Det er akryl på papir, i ei 20x20 cm ramme.
Du utan blogg kan òg delta - legg berre igjen mail-adressa så eg finn deg igjen:-)
tirsdag 22. februar 2011
Små ting
Eg er avhengig av småtteri. Små fargeklattar å kvile augene på. Eit lite ord, ei lite bilde. No for tida henger eg mykje opp med fin japansk washi tape, men er glad jentene ikkje har fanga opp den trenden. Det kunne fort ha blitt MYKJE på veggane her, gitt:-)
Takk for alle tips for hekladukane mine! Eg ligg i tenkeboksen, men landar nok på noko etterkvart. Og då skal de sjølvsagt få sjå...
Idag er kviledag etter jobbehelg. Då er det sjølvsagt titusen ting som skal gjerast. Og når eg alt? Neppe... Men no planlegg eg ein morosam ting, som eg skal skrive litt meir om her snart. Gler meg til det!
Fin dag til deg!
fredag 18. februar 2011
Svenskestil
Viss de skulle vere det minste i tvil; ja - eg diggar blått og gult! Saman! - og så er eg veldig glad i svenskar òg, då - så det er heilt greit!
Eg har ein stor haug med fine gule og blå hekladukar som eg klør meg i hovudet over. Nokon som har gode idear for kva eg kan lage med dei?
God helg venner!
torsdag 17. februar 2011
Bokstavlykke
Min fine reiseskrivemaskin! Lett å bera, fin å sjå på! Og for ei skrift! No for tida er han desverre sørgeleg utkonkurrert av enklare maskinar. Lite reising i sikte. Kunne sjølvsagt ha tatt han med meg ein tur på Bybanen. Dratt han fram og tasta i veg. Latt som ingenting.
Det kunne vore artig.
Men ofte blir han lufta her heime i det minste. Elskar lyden. Kjensla av å verkeleg høyre at eg skriv. Ingen tvil, liksom.
Bokstavar er kjekt! Eg blir aldri lei. Fyrsteklassingen sin facinasjon er òg min...
Bloggar å besøke:
Håpar du har ein fin dag!
mandag 14. februar 2011
Hjerteleg
Vil dele litt hjerter med dokke som eg likar så godt! Takk for alle koselege kommentarar og tilbakemeldingar her inne! Blogglandia hadde ikkje vore det same utan dokke!!
Klemmar sendt til nord og sør, aust og vest! Håpar du får ein fin valentinsdag!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
