mandag 2. mai 2011

Livsteikn



To koselege prosjekt midt i
eit tovekers travelt gressenkeri

Eit skjørt til ei skjønn rosa jente
med ei skjønn oransje mamma

Nygammal lesekrok
i Grandma sin glade farge

Fin kveld til deg!

onsdag 27. april 2011

mandag 25. april 2011

lørdag 23. april 2011

Kvardag igjen





Ja, påsken er over for denne gong. For min del. No er det sjukehuset som ropar i det fjerne. Men kva gjer det når ein har med seg deilige, vårlege ferieminner i sekken?

Takk for alle koselege kommentarar for sykroken min! Den var så ryddig då - det blir den neppe igjen... No inntar gladfargane den vesle kroken min, som ellers i huset her! For fargane - dei kunne eg slett ikkje klare meg utan!

Ha ein fin påske vidare, venner!

lørdag 16. april 2011

Sykrok






Endå så liten plass me har, har me fått rydda plass til ein sykrok! Ein ørliten kreakrok. Ungane har allerede tatt han i bruk - så han ser ut til å vere godkjent. Med godt arbeidslys frå loppis-Luxo'en og peisomnen like ved kan det bli mange gode arbeidsøkter her.

No er endeleg gjengen friskmeldt, og imorgon reiser me til Påskeferielandet - nemleg Rogaland. Eg treng ikkje snø for å få påskefeeling. Nei - gje meg nyfødde lam, kusymre i bakkane, bål ved sjøen og ein fjelltur eller helst tre. Då er det påske då!

Ha ein fiiiin påske!

torsdag 14. april 2011

Nyttesaum faktisk


Eit miniprosjekt mens eg ventar på å bli frisk. To jentebukser, som var holete og slitne, får nytt liv som knebukser til Elvis.

Dette må jo rett og slett kallast nyttesaum, og ifølge Vestablikkmannen skjer det ikkje overvettes mykje av det her i huset...Han har nok ein poeng der. Kjekkare med nye prosjekt, enn å lappe på gamle... Men i god miljøvern-ånd skal eg bli flinkare! Bank i bordet, kryss i taket. Utan lygekryss.

Ha ein fin førpåskedag!

*Buksene er klypte av over dei holete knea, og så er det sydd på ribb frå Lageret(eller Stoff og Stil som det vel heiter på fint..) Fiks ferdig på no time! Klare til smågutt-spankulering.*

onsdag 13. april 2011

Smågleder


Midt i ein lurvete omgang med spysjuke, fins det mykje å glede seg over. Kjempekjekk byttepakke frå Guro - med dei nydelegaste stoffbitane - og nye knottar til skapa i gangen.

Og så satsar eg på å snart kunne komma meg ut og nyta våren pittelitt òg. For no er han her!

mandag 11. april 2011

Loppeglad



I helga var eg innom tre loppemarknadar! Ikkje mindre. Likevel var fangsten ganske beskjeden, iallefall på tekstilfronten, som nesten kom ut i minus. Men morsomt er det, og bergenserane sikrar meg opplevelsar av den sjeldne sorten. Som då ein heil gjeng vaksne sprang over skuleplassen då portane opna! Finn ein det andre stader enn i Bergen?

Kattepusen fekk nølande lov til å bli med heim, og er plassert inne på jentene sitt rom - til stor jubel. Styggfine, er dei ikkje..? Eller bare rare, eg er ikkje heilt sikker.:-)

Ha ein strålande vårdag!

søndag 10. april 2011

Kledd for vår



Lillebror er blitt stor. Det har ikkje mammaen hans forstått. Så vårkolleksjonen kom med nok eit feilskjær - men slikt er jo eit luksusproblem, når ein har søskenbarn i alle størrelsar rundt omkring! Men endeleg kom selebuksa i rett størrelse på plass, og den sit som støypt.

Håpar de har ein nydeleg søndag der ute! Her er det så solfylt og vårleg at ein kan nesten tru at vinteren har reist for godt! - og det er igrunnen heilt greit!