Det har vore vonde dagar
Uforståeleg vondskap
Tilfeldige ofre
Sorg men likevel
Kjærleik
Varme
Eit heilt folk
ein heil verden
som held rundt kvarandre
La det fortsette slik!

Iblant er eg litt treg! Det kan eg godt innrømme. På fredag somla eg meg endeleg til å besøke Den grønne baljen - som faktisk ligg heile 5 minuttars kjøring heimefrå...*sukk*


Eit koseleg gammalt skap frå Finn - litt kvit- og turkismaling - ein Anne Black-knott - og ein dæsj tålmodighet, så blei skapet ganske så forvandla. Treng ein litt sommarfølelse i ei litt forvirra forsommartid - er det bare å åpne døra på gløtt..;-)