Etsy kan vere svært vanedannande. Visste du at du kan søke på favorittfarge? Gjett kva eg søker på..? Denne gule smukkasen kjem snart til postkassen min, herleg haustgul! Gler meg!Ha ein fin haustdag!
Eg lovde fleire bilder frå den lokale bruktbutikken, Den grønne Baljen. Idag tok eg turen innom med betre linse, og koste meg med øyefryd i kvar krok! Koselege Kerstin hadde farta rundt på masse svenske og danske loppisar i sommar, og det viste igjen! Utruleg mykje fint!