Håpar dagen har vore god mot deg!
tirsdag 30. august 2011
mandag 29. august 2011
Skapskatt
Eg kjøpte eit skap på eit stort flyttesalg for litt sidan. Sjeldan har eg vel gjort eit slikt kupp. Med ein aldri så liten sjarmoffensiv blei skapet mitt for 500 kr. No er det vaska og flikka litt på, og lavendelposane ligg inni for å "godgjera" skapet litt. Herleg, gammalt og blytungt... - eg diggar skapet mitt!Fin mandag til deg!
fredag 26. august 2011
torsdag 25. august 2011
onsdag 24. august 2011
Lysglimt
Den lange dagen er over.
No må vi berre å vente og sjå. Ein gut har gitt og ein har fått.
No må kroppen få tid til å bygge seg opp igjen.
Dette skal gå bra!
Takk for alle gode helsingar og virtuelle klemmar!
Det trøystar!
For dei som lurer har eg lånt Vestablikkmannens si Carl Zeiss 50 mm linse, det skal visst vere noko av det beste. Kjøpt brukt sjølvsagt. For nesten ingenting:-) Hurra!
tirsdag 23. august 2011
torsdag 18. august 2011
Ugletour
Idag får du eit knippe av våre husugler. Den sist ankomne er puta, som er laga av eit fotoprint frå Stoff og Stil. Ser sint ut, men er ho det? Neeeeeida.
Takk for nydelege kommentarar og klemmar i forrige innlegg. Eg er ikkje like trist kvar dag. Men å ha ein flott tantegutt som no er sjuk, sjuk av blodkreft er vanskeleg. Beinmargstransplantasjon nærmar seg, og nervene likeså.
Men innimellom kan eg gjere meg opptatt med puter og dill og dall. Sånn for å få tankane over på andre ting. Det gjer godt!
søndag 14. august 2011
Tenner lys
onsdag 10. august 2011
Vaffelkos
tirsdag 9. august 2011
Den grønne Baljen
Eg lovde fleire bilder frå den lokale bruktbutikken, Den grønne Baljen. Idag tok eg turen innom med betre linse, og koste meg med øyefryd i kvar krok! Koselege Kerstin hadde farta rundt på masse svenske og danske loppisar i sommar, og det viste igjen! Utruleg mykje fint! Eit nydeleg brett ropte på meg, og fekk bli med heim. Det skal de få sjå ein annan dag!
Fin dag til deg som er innom! Og takk for alle fine kommentarar de legg igjen - eg blir så glad:-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)


