torsdag 13. januar 2011

Isbjørntid


Det snør igjen. Mykje. Eg gjentar meg sjølv, det veit eg.

Men snø og vinter inspirerer òg. Igår fekk Mollemor nye vintersko som skal halde henne varm på føttene. Mor var mest interessert i det fine isbjørnmerket... Så etter studering av det vakre polare dyret på nettet igår kveld, kom dette trykket til.

Ha ein fin vinterdag der du er! Og ser du ein isbjørn med ei kråke på rumpa - ja, då er den garantert vennligsinna!

onsdag 12. januar 2011

Kongeleg

Eit lite samarbeidsprosjekt mellom Harefrøken, far og mor. Kronene og glitteret er sjølvsagt på plass. Noko som resulterte i full glitterutvask etterpå... Framleis glitrar me. Men litt kvardagsglam er vel heilt OK.

Ha ein glitrande kveld!

tirsdag 11. januar 2011

Lett på tå

Foten er tung
Beksaumtung
Nattevaktstung

Kvile no
for trufaste slitarar

Imorgon
lett på tå

mandag 10. januar 2011

Gullfisk


Det seiest av gullfisken huskar veldig dårleg. At det er difor han ser så lukkeleg ut, der han sym rundt og rundt i gullfiskbolla. Ikkje veit eg. Men at eg har gjort tiltak i forhold til min eigen hukommelse er heilt sikkert.

Gode idear kjem når-som-helst. Og ein augneblink seinare kan dei vere vekk. Så difor har eg lært meg å teikne dei ned. Notisblokka er med overalt. Så kan eg hente dei fram igjen når eg faktisk har tid til å gjennomføre.

Av og til - eller ganske ofte - må eg opp midt på natta. Men det er det verdt...

Fin mandag til deg!

søndag 9. januar 2011

Ut med jula

No er det vel strengt tatt på tide å rydde jula ut. Men surt og mørkt ver ute, gjer at den fine, elektriske julestjerna får stå. Me treng litt ekstra lys no.

Håpar du har ein fin søndag!

fredag 7. januar 2011

Rekalkulerer



Det snør. Mykje. Dei vårlege assosiasjonane har snødd ned. Men snø er fint òg! Likar knirken under skoen!

Her er det jobbehelg! God helg til deg!

*Eit lite tips frå mi blomstersvigerinne gir meg sviblar som står leeeeenge. Når blomen er avblomstra, skjer eg den av, og det grøne, vårlege får stå. Kanskje berre eg som treng slike tips, forsåvidt. Av og til kjem ein berre ikkje på...*

torsdag 6. januar 2011

Meir leik

Eg er ein barnsleg sjel - ingen tvil om det. Det gjeld òg i høgaste grad mitt forhold til interiør. Eg likar ikkje alvorlege interiør. Prøver eg for hardt, blir det fort kjedeleg.


Det er når eg ikkje tenker for mykje, det blir bra. Koblar ut O'Store Dommar, så og seie. O'Store Dommar kan sette krokfot på kreativitet og leik. Det er ikkje bra.

Så det gjeld å tenke mindre. Føle meir. Ofte er den fysste tanken heilt rett. Second thoughts kan vere så oppskrytt! Så JA til å leike meir. Ikkje gje tanken for mykje spelerom! Gjere akkurat som du vil, utan tanke for kva andre vil meine. Finne barnet i deg!

Ha ein leikande dag!

onsdag 5. januar 2011

Vårleg

Dei er visst berre inni hovudet mitt. Vårassosiasjonane. Snøen smeltar - er ikkje plenen enormt grøn under? Har ikkje lyset forandra seg? Litt varmare lys, liksom?
Eg veit det er for tidleg. Kvar januar trur eg det skal bli vår. Kvart år same lengten. Mot varmare, lysare, grønare. Kvart år same lange ventetida.

Men eg veit den kjem. Våren. Kvart år gjer den det. Og kva er gale med å drøyme litt? Og pynte litt inne?
Ha ein fortryllande, vårlengtande dag!

Heldige meg fekk bilde måla av tantejenta mi! Det grøne bildet var så fint, takk Hannah!

tirsdag 4. januar 2011

Skatteskrin


Marihøna fekk seg eit skatteskrin til jul. (Nok ein gong spray og lim. Sei ifrå om de blir leie..;-))Hare Hopp passar på skattane. Dei stysste skattane no for tida er figurforma strikkar! Enkle gleder!


Nyåret byr på planar av alskens innhald. Ikkje nødvendigvis forsett, for ein kan likegodt starte noko nytt på ein kvardagsleg onsdag!

Så difor; ikkje noko stort - men ein liten trekning kjem på Vestablikk innan kort tid. Bloggen nærmar seg jo magiske 100 Venner, snart 20 000 unike treff og 200 innlegg sidan starten i november 2009! Stas!

Tirsdagsklem frå IJ