torsdag 4. august 2011

Sol i mitt hus




Idag

velger eg
fargane
og sola

Eg velger
ein fin gulfarge
eit mjukt teppe

Eg velger meg
fønvind
eit modent blåbær

Eg unner deg eit sorgfritt, lunt øyeblikk!

onsdag 3. august 2011

Hjå Janne




I heimbygda mi fins eit galleri i den idylliske prestegarden. Mellom epletre, slengdisser og dukkehus - ligg galleriet vegg i vegg med verpande høner i hønsehuset. Janne som er grafisk designar driv galleriet, og her finn ein masse bilder og kunsthandverk frå heile verda, og aller mest i frå Afrika, der Janne har budd i fleire år.

Fargerikt, lekent, idyllisk - og absolutt verdt eit besøk!

Fin onsdagskveld til deg!

lørdag 30. juli 2011

Jul i juli

Nei, det har ikkje klikka heilt
men juleforberedelsane er offisielt igong
Eit spennande lite oppdrag

Så no speler eg julemusikk
og later som
mens sommarkveldssola kikkar lunt inn vindauget

Takk for koselege helsingar igår! Fin kveld til dokke, fine venner!

fredag 29. juli 2011

Gammal dame i krympealder



Ein fin dag etter ei vond veke
Sol, kake og presangar

Eit år eldre
ikkje spør meg kor mange år
det har eg ikkje styr på

Men ifølge ei lita venninne
så er det midt i
krympealderen...hihi

Fin kveld til deg!

torsdag 28. juli 2011

Sleppe tilbake lyset

Det har vore vonde dagar
Uforståeleg vondskap
Tilfeldige ofre

Sorg men likevel
Kjærleik
Varme

Eit heilt folk
ein heil verden
som held rundt kvarandre

La det fortsette slik!

søndag 17. juli 2011

Høgsommar



Naturen er alltid til stor inspirasjon og facinasjon. Fargar og former, lukter og kjensler. Frå den minste, delikate Linnea-blomen, til grove fargerike lav i høgfjellet. Høgsommar har kanskje mindre openberre fargar og blomar, men går ein med nasen i lyngen som meg - får ein betalt for det! Rikeleg!

Innspurten av ferien gav oss ro og frisk fjelluft, og var ikkje minst herleg mobil- og nettfri. No er ferie og bloggepause over for denne gong. Eg har fått mykje input og idear. No er teikneblokka full. I tillegg vart eg sendt på eit stort bruktmarked idag, der eg verkeleg fann SKAPET mitt! Eg fann ut at ein kjem langt med eit fint smil og eit lågt bud. Lucky me..:-)

Fin kveld til deg!

søndag 26. juni 2011

Endeleg


Tre veker ligg og ventar
Doggfriske
Utrødde

Dingle litt med beina
Kanskje stikke storetåa forsiktig
ned i iskaldt hav

Klø eit myggstikk
svi på ein solbrent flekk

Få lov å vere uvitande
om fulle avdelingar,
sommarvikarar og melkespreng

Jo - ferie blir fint!

Ha ein fin ein, du òg!

lørdag 25. juni 2011

Kva er det med Søstrene?

Søstrene Grene åpna endeleg i Bergen
Åpningsdagen var butikken smekkfull

Søstrene anbefaler
en billedramme som er lett å sette inn bilde av kjæresten i
og lett å sette inn et nytt dersom man har fått en ny

Søstrene anbefaler å ikke kjøpe mer
enn man har bruk for

Herleg! Jo - det er noko med Søstrene! Men kva?

Herleg òg med ein kaffi- og muffinspause etterpå med MøbelPøbelen, som forresten har ein fin give-away gåande! Kikk innom henne då vel!

tirsdag 21. juni 2011

Eplenikkers


Ei lita eplebukse for ei ny lita prinsesse. Håpar den vil falle i smak.

Fin kveld til deg!

mandag 20. juni 2011

Baljefin


Iblant er eg litt treg! Det kan eg godt innrømme. På fredag somla eg meg endeleg til å besøke Den grønne baljen - som faktisk ligg heile 5 minuttars kjøring heimefrå...*sukk*

Og FOR ein butikk! Her er det både gamle skattar og redesigna skattar! Gamle skulestolar, mintgrøne dører, kabelbord og Figgjo-fajanse. Porselenskoppar opphengt i eit kvitt bjørketre... Sukkertøy for einkvar smak:-) Men sidan eg hadde bomma på linsevalg, og eigaren sterkt anbefalte meg å komma igjen når ho hadde fått fylt opp med nye varer - så får eg gjera det. Lydig som eg er... Så eg får vise fleire bilder ein annan gong!

Ha ein fin junidag!