torsdag 18. august 2011

Ugletour




Kanskje ikkje så overraskande - men eg likar ugler. Sånn bortsett frå min nær-Hubro-opplevelse har eg berre møtt på søvnige, blide ugler. Hubroen såg sint ut, men den var sikkert ikkje det. Ikkje så lett å sjå blid ut når ein har duskar på øyrene, tross alt.

Idag får du eit knippe av våre husugler. Den sist ankomne er puta, som er laga av eit fotoprint frå Stoff og Stil. Ser sint ut, men er ho det? Neeeeeida.

Takk for nydelege kommentarar og klemmar i forrige innlegg. Eg er ikkje like trist kvar dag. Men å ha ein flott tantegutt som no er sjuk, sjuk av blodkreft er vanskeleg. Beinmargstransplantasjon nærmar seg, og nervene likeså.

Men innimellom kan eg gjere meg opptatt med puter og dill og dall. Sånn for å få tankane over på andre ting. Det gjer godt!

søndag 14. august 2011

Tenner lys


Heile livet har eg sett
fargar
og lys
mest av det

Eg er heldig

No er mørket her
like rundt hjørnet

Eg tviheld på fargane
og tenner eit lys

Det hjelper litt

onsdag 10. august 2011

Vaffelkos


Litt vaffelkos må til på ein vanleg onsdag. Når pappaen er langt, langt vekk - og både små og store saknar. Det fine brettet frå Baljen passa sjølvsagt perfekt som vaffelbrett!

Fin onsdagskveld til deg!

tirsdag 9. august 2011

Den grønne Baljen




Eg lovde fleire bilder frå den lokale bruktbutikken, Den grønne Baljen. Idag tok eg turen innom med betre linse, og koste meg med øyefryd i kvar krok! Koselege Kerstin hadde farta rundt på masse svenske og danske loppisar i sommar, og det viste igjen! Utruleg mykje fint!
Eit nydeleg brett ropte på meg, og fekk bli med heim. Det skal de få sjå ein annan dag!

Fin dag til deg som er innom! Og takk for alle fine kommentarar de legg igjen - eg blir så glad:-)

søndag 7. august 2011

Fine funn og seinsommarpimp



Her om dagen handla eg verkeleg stort på Fretex. Av og til ligg det skattar overalt. Eg gjorde store auger då eg fann gult hjertebankstoff, to store gardinstykker. Trur nesten folk kunne høyre den høge pulsen min...

Lys turkis og gul er verkeleg Vestablikk-fargar for tida. Eg blir ikkje lei... Ein og annan lilla impuls snik seg inn, og raudt og oransje kan eg ikkje leve utan - ergo: eg har det som vanleg i overkant fargerikt.

Det gule fatet er eit gammalt og slite teakfat. Nokon hadde ubarmhjertig brukt det til skjærefjøl, det var stakkarsleg og trist. Med ein liten meis og greiner teikna på for hand, og så malt fleire strøk med yndlingsgulfargen kom det seg betrakteleg. Utruleg artig å pimpe slitne ting slik at dei får eit nytt liv. Miljøvennleg og billig moro!

Fin søndagskveld til deg!

torsdag 4. august 2011

Sol i mitt hus




Idag

velger eg
fargane
og sola

Eg velger
ein fin gulfarge
eit mjukt teppe

Eg velger meg
fønvind
eit modent blåbær

Eg unner deg eit sorgfritt, lunt øyeblikk!

onsdag 3. august 2011

Hjå Janne




I heimbygda mi fins eit galleri i den idylliske prestegarden. Mellom epletre, slengdisser og dukkehus - ligg galleriet vegg i vegg med verpande høner i hønsehuset. Janne som er grafisk designar driv galleriet, og her finn ein masse bilder og kunsthandverk frå heile verda, og aller mest i frå Afrika, der Janne har budd i fleire år.

Fargerikt, lekent, idyllisk - og absolutt verdt eit besøk!

Fin onsdagskveld til deg!

lørdag 30. juli 2011

Jul i juli

Nei, det har ikkje klikka heilt
men juleforberedelsane er offisielt igong
Eit spennande lite oppdrag

Så no speler eg julemusikk
og later som
mens sommarkveldssola kikkar lunt inn vindauget

Takk for koselege helsingar igår! Fin kveld til dokke, fine venner!

fredag 29. juli 2011

Gammal dame i krympealder



Ein fin dag etter ei vond veke
Sol, kake og presangar

Eit år eldre
ikkje spør meg kor mange år
det har eg ikkje styr på

Men ifølge ei lita venninne
så er det midt i
krympealderen...hihi

Fin kveld til deg!

torsdag 28. juli 2011

Sleppe tilbake lyset

Det har vore vonde dagar
Uforståeleg vondskap
Tilfeldige ofre

Sorg men likevel
Kjærleik
Varme

Eit heilt folk
ein heil verden
som held rundt kvarandre

La det fortsette slik!