onsdag 15. desember 2010

Marknadsglimt


Stor stas å vere med i år òg! Eg delte stand med bestekusine Ingrid, og nokre søte smånissar:-)


No har Elna gått ut i streik. Det blei nok litt lite overtidstillegg i dagane før marknaden. Eg får håpe ho snart er tilbake i vanleg arbeid - før abstinensene mine blir for store...

Ha ein fortryllande onsdag!

mandag 13. desember 2010

Kvilepuls

Så er me komne halvvegs i desember. Julesnøen er komen, og gått. Juleluktene er innomhus - svibel, kongerøykelse, mandarin. Når det er heilt stille her - kan eg høyre reinsdyrbjellene i det fjerne... Eller kan det vere frå plastnissen frå kjøpesenteret..?

Jo, jula er snart her. Eg gler meg!

Førjulsstemninga som kjem smygande er god. Det er luktar, lyder, minner. Det er julepynt frå loftet, forventning i ansikta til dei små. Det er gleda over å pønske ut fine gåver.

Enn så lenge er huset herleg fritt for stress. Eg likar ikkje å stresse. Eg veit at eg på eit visst tidspunkt før jul kjem til å jobbe på for å komme i mål. Men eg tyner roen så lenge eg kan.

No er jo òg julemarknaden min over for denne gong. Eg feirer det ikveld med å sy pittelitt...
Men ikveld syr eg berre til meg sjølv:-)

I morgon kjem det litt bilder frå marknaden!

Ha ein fin kveld!

søndag 5. desember 2010

Lett gallopp

Jaja sann. Eg skulle liksom ikkje vere med på julemarknad i år. Trudde eg. Men så kom ånden over meg, og i eit entusiastisk øyeblikk meldte eg meg på likevel. For nøyaktig 9 dagar sidan. Og neste søndag er det marknad...

Så nei, her er ikkje så mykje juleforberedelsar å spore - all ledig kveldstid går med til sying, stryking og trykking. Veldig kjekt og veldig travelt! Eg gler meg!

God søndag til deg som er innom!

tirsdag 30. november 2010

Meet the Rabbit

Aldri i verda om eg blir lei kosedyr. Her i huset fins mange, og fleire kjem til i seine kveldstimar. Den siste kosevennen vart laga til Mollemor til fødselsdagen hennar. Det er kanina Selma.

Selma er ganske frisk og freidig når ho er våken og i "lag", men ofte er ho berre søvnig og må sove litt. Ho er vel ei B-kanin, tenkjer eg. Ellers så kan det jo vere dvale-tid for kaniner. Kva veit vel eg?

Her er ungane i seng og då er det duka for litt kvalitetstid med symaskinen:-)

Hej då!

mandag 29. november 2010

Vasetips

Keramikar Anne Langhøj lagar dei søtaste ting i leire. Multivasane hennar står høgt på ønskelista mi nett no. Kanskje du allereie har sett tinga hennar i danske Boligliv - ellers så skriv Anne sjølv i ein mail at heimen hennar er i Rom 123 no!

Ha ein fin mandagskveld!

torsdag 25. november 2010

Opplading

Siste natta med soving før tre nattevakter. Ladar opp med sein kveld med pc og kakao. Litt trykking av julekort og julegavelaging. Tida fram mot jul kjem til å gå fort. Lista over ting eg skal gjere er laaaaang! Men heldigvis fyrst og fremt lystbetonte aktiviteter.

Men altså; aller først litt soving. Og kanskje litt fin godnattsang frå Blafre?

Sov godt!

onsdag 24. november 2010

Gutterommet

Ein liten kikk inn på Gutterommet. Minstemann har sin eigen krok inne på arbeidsrommet til pappaen. Det går fint så lenge han er så liten.

Her inne går det i guttefargar. Lys turkis, lyseblå, og pittelitt oransje. Tenk at eg skulle bli guttemamma før eg kunne utstå blått! No syns eg det er kjempefint!

Storesøster, som endeleg er over sin rosa periode, forkynner med fynd at ho hatar rosa no... No er det lilla. Berre lilla. Eg prøver å seie noko om at ingenting er evig, sjølv ikkje yndlingsfargar. Alle fargar er fine, seier eg, - og høyrer ekko'et frå 4-åringen. Så fint at ein framleis har påverkningskraft på ein liten andel av flokken, iallefall:-)

God kveld til deg - uansett yndlingsfarge!

tirsdag 23. november 2010

Eg har min finaste kjole på

Brudeslør er faktisk ein undervurdert blomst. Den har i alle år vore andrefiolin i lag med pompøse roser. Berre ein god nummer to, liksom. Listefyll. Å nei - dei klarer fint å spele fyrstefiolin òg!

Denne buketten fekk kjole av eit gammalt og brodert putetrekk. Med bisebånd og snor sydd på øverst kan den passe rundt vasar av forskjellige storleikar.

Ute skin fullmånen over eit frostblått landskap, og inne er det varmt og godt, fred og ro. Men no ropar senga på meg!

Me bloggast!

mandag 22. november 2010

À la Disney

Einkvar familie med møblert heim treng sine julestrømper. Slike som alltid fins i Disney-teiknefilmane. Som heng på ein knitrande peis. Med ein gylden Retriever på isbjørnfellen framfor. Tja - nesten like idyllisk som her i huset..:-)

Uansett - etter inspirasjon frå maaaange medbloggerinner, har eg kost meg i nokre kveldstimar. Sett saman fargar og former. Kjekt! Ja, for jula er jo ikkje nødvendigvis berre raud, eller..?

Ha ein fin kveld der du er - med eller utan isbjørnfell og piano!

*Begrepet "møblert heim" kjem for min del frå tida mi som turnusjordmor i Haugesund, då me budde i kondisjonerte strøk i Rådhusgaten. Hadde du piano var det greit. Då var du blant fiffen i byen..;-) Trur kanskje dette er blitt litt avleggs no. Eller kva..?

torsdag 18. november 2010

Tittei

Her er eg. Midt i ein ufrivillig bloggepause. Vårt høgt elska kamera befinn seg i ein komatøs tilstand, og er sjukemeldt.
Eg leitar i bildearkivet, men utan nye bilder blir det ikkje mykje sus i serken... Eg har mykje på hjerta og mykje å vise, men akkurat no må det berre vente.

Lillebror er frisk og blid igjen, og då har me alle det bra. Det meste av andre ting blir detaljar når ein liten kropp er sjuk.

For nokre veker sidan fekk eg ein fin award frå finaste MøbelPøbel - ei kreativ dame du burde kikke innom! Eg takkar og bukkar! Ei av oppgåvene når ein får ein slik pris, er å fortelje 7 ting om seg sjølv. Har du lyst kan du lese litt her. Eg burde ha sendt den vidare til 7 bloggar eg diggar - men slit med å velge mellom fantastisk fine bloggedamer! Så om du vil - er prisen din. Og din...

Ha ein fiiiin torsdagskveld!