onsdag 7. april 2010

Rare dyr

Idag er den store vaske-klede-etter-ferie-dagen. Og mens eg funderer over kor glad eg er over å ikkje måttte vaske den digre haugen i bekken - så innser eg at det kanskje ikkje er så interessant som bloggetema.. Derfor viser eg i staden litt av dei rare dyra som bur rundt i huset vårt.

Born har ofte eit anna syn og innsikt når det gjeld rare ting. Ungane mine spør ofte om kva eg driv med, sidan eg ofte driv med litt rare ting. Dei begynner å bli vant til svaret. "Eg veit ikkje", seier eg kanskje. For kanskje eg ikkje veit. Ofte leikar eg meg berre. Og så blir det kanskje noko utav det. Kven veit.


Ei lita venninne på fem år såg dette biletet ein dag, og spurte: "er det eit brilledyr?" Og ja, sjølvsagt er det det! Navnet skjemmer ingen;-)

mandag 5. april 2010

I siste liten

Ein liten boks i ny kjole. I sitt tidlegare liv var den ein teboks. Med litt nytt papir og anna pynt - vips, så vart den påskeeggeboks.

Så kan ein alltids kose seg med litt eggesnop, sjølv om påsken snart er over;-)

søndag 4. april 2010

På hell


Så er påsken på hell. Me har kost oss saman med familie, laga god mat og gått turar. Minstemann har vore ganske sjuk, men er i bedring no. Det er mamsen glad for!

No er det tid for å vende nasane mot kvardagslivet igjen. Men det kjennes fint ut òg! Me tar med oss gode minner om påsken 2010! Håpar de har hatt gode dagar òg!

torsdag 1. april 2010

God påske!


Så er påsken her for alvor! Me kosar oss saman med storfamilien, med turar og masse god mat! Men minsten er sjuk - så det blir nok ikkje så mykje nytt her inne, før det er over.

Ha ein fin påske, alle bloggevener!

tirsdag 30. mars 2010

Fargar

Etter forrige tur til Fretex, kom eg heim med desse tinga. Lurar på om dei er valt meir etter dei metta fargane, enn etter bruksverdi? Men dynetrekket kan syast om til utallege prosjekter, og det laaaange halskjedet havna i kofferten med utkledningsklede. Alt kjem til nytte;-)


Ha ein fin dag!
Posted by Picasa

søndag 28. mars 2010

Kaffe i det fri

No er tida komen for fyrste kaffikoppen på haugen "vår". Våryre ungar rullar seg i tørt gras. Balanserer på ein stor trestamme. Finn små skattar - ein pinne, ein eikenøtthatt. Ei matt sol heng på himmelen, og varmer ørlite i kinna.

Minstemann sitter lunt inni pappa si jakke.

Deilige, deilige vår!

Ut med varmen!

Det har vore ein kald vinter. Varmeflaskene her i huset har jobba på høgt gir. Ei i kvar seng, minst - kanskje til og med både ei i ryggen og ei på magen?

Ekstra deilig er den varmeflaska som har fått kjole av filt.


Men no er tida moden for å legge vekk dei gode hjelperane. No trengs dei ikkje meir på ei stund. Håpar eg...


Ha ein fin palmesundag vidare!
Posted by Picasa

torsdag 25. mars 2010

Rusletur

Eg likar å rusle tur og sjå på ting. Når eg har med kamera blir eg ekstra oppmerksam på alt det fine rundt meg. Eit tre som er klar til innflytting for eksempel.

Eg likar tre. Dei er godmodige og empatiske. Ein kan kviskre dei løyndomar - og dei vil aldri sei det vidare.

Den beste lyden eg veit om er tre i vind. Å stå under eit tre når det bles, det gjer godt! Då kjennes det som alt innvendig støv forsvinn... Forfriskande og herleg!

Det bles desverre ikkje her idag. Men eg skal ut med kamera likevel.. Kanskje eg ser noko fint?

Ha ein forfriskande dag!

Wallsticker herifrå.

Lang frukost


Dekke eit fint frukostbrett. Barbeint i pysjamas. Kose seg lenge. Fornøgd Lillebror på fanget, som siklar og syng.


Herleg!

Dagens youtube er frå Etsy sin serie "There's no place like here". Denne snutten er frå San Fransisco, frå huset til den skjønne dama bak denne bloggen.



Kos deg med ein rusletur rundt i huset hennar. Ho har mykje flott kunst på veggane, mykje av det er frå Etsy. Og kanskje du gjenkjenner eit bilete laga av denne dama?

*sukk* Den som var i San Fransisco igjen..;-)
Posted by Picasa

onsdag 24. mars 2010

Treng ingen tallerkenhylle

Ikkje til denne tapeten iallefall. Nederlandske Studio Ditte lagar tapet du må sjå to gonger på. Denne tapeten går tallerkensamlinga mi ein god gang. Kanskje finn eg favoritten min her?


Gjenbruk er miljøvenleg, og no er det òg blitt trendy. Men no spørst det kva som er mest miljøvenleg - brukte materialer, eller papirtapet med bilete av brukte materialer..?



Og likar ein skogslyder og fuglekvitter - er eg sikker på at dette tapetet hjelper på humøret!


Bileta er gjengitt med tillatelse.

Ha ein fin dag!