Ungane våre har tanter, onklar og søskenbarn som bur langt vekke. Oldemor heilt i USA. Då er det kjekt med desse laminerte korta. Dei blir tatt fram ofte.
Når ungane ser ansiktene ofte her - blir dei lettare å kjenne igjen i verkligheita. Enkle å ta fram og halde for små barnehender. Og så toler dei sikkel. Garantert!fredag 21. mai 2010
torsdag 20. mai 2010
Eg er ikkje her
Og ikkje lurar eg på kva eg skal bruke desse trykka og stoffa til heller. Dei ligg berre lett henslengt på golvet, og interesserer meg lite.
Det eg har lov til å tenke på derimot - er København. Så har du tips til fine turar, gode kafear, ting å gjere med små born, spennande butikkar - nøl ikkje med å skrive ein liten kommentar! Då blir eg GLAD!
Viss du er her - ha ein fortsatt fin kveld!
onsdag 19. mai 2010
Alt det andre
Det sprett og blømer. Ute. Og inne.
Knappar, fint papir og sprelske stoff. Men eg har visst ikkje tid. Skal eigentleg førebu meg til Københavntur og foredrag. Men alt det andre freistar mykje meir. Eg er strengt tatt ikkje her heller. No.
mandag 10. mai 2010
Vårfin
Litleprinsen var så heldig å arve ein fin, lyseblå anorakk av "tippoldemor"!
Eit lite hol i jakka, gjorde at stoffhaugen blei vurdert og saksa funne fram. Lyseblå og grønt, og ein dæsj turkis? Ja takk!
Så blei det fine lommar i marimekko-stoff. Og ein deilig Buff i herlege vårfriske fargar. Den lagar du på no time i mjukt trikot-stoff.
søndag 9. mai 2010
Født sånn eller blitt sånn 2
Apropos fredagens post, så viser eg berre dei to småtullene i fri leik i mor sine stoffer.
Fargar og komposisjonar flyg veggimellom. Velge og vrake. "Mamma - eg kan jo berre laaaage meg ein kjole." Herleg!
Og så spørsmålet; kom dette gjennom morsmelka, eller er dei rett og slett litt miljøskada?
Neimen om eg veit. Men kjekt er det å sjå på dei uansett. Og så kan ein jo håpe at haldningane og gleda varer!
God sundagskveld!
fredag 7. mai 2010
Født sånn eller blitt sånn?
Eg elskar redesign. Er så glad i å kunne bruke om att delar av plagg eg har vore glad i - og tilsette litt nytt - nye fargar og former. Ein får unike plagg på den måten.
Men så kan eg ikkje bruke mønster. På same måten som eg ikkje kan lese noter. Det fins sikkert fine ord på slike som meg. Eg les stort sett ikkje bruksanvisningar heller. Har inntrykk av at det er beslekta med noter og mønster. Når eg bakar, syr eller syng - så er det etter augemål, eller slump om du vil.
Det blir ofte bra - men nesten like ofte katastrofe...
Er det medfødt eller miljø? Tidsaktuelt spørsmål.
Mor mi slumpar like mykje som meg. Og far min les ikkje bruksanvisningar. Iallefall ikkje før han står fast.
Dette blei eit skjørt. Det skulle bli ein kjole. Ammekjole til og med, inspirert av kleda frå svenske BOOB. Kanskje eg rett og slett skal lese bruksanvisninga til Jeanette frå denne bloggen. Ho har akkurat gitt ut eit nettmagasin, med fantastiske bilete og tekst, og mange fine DIY-prosjekt. Kikk innom henne!
tirsdag 4. mai 2010
Segle som ei sky
Fine vesle guten på tur i soppskogen. Kva gjer han der? Og kvifor?
Dette eventyrlege trykket kjem frå flinke Katrine. Og så glad eg er blitt i det! Hadde eg hatt slike bilder på veggane då eg var liten, hadde eg ikkje hatt behov for bøker!
Her ein dag kom eg over dette flotte kortet. Det kunne eg ikkje gå ifrå. At det er laga av ei rogalandsdame som òg brukar nynorsk - er slett ikkje noko minus!Pærefin
Idag tar eg til orde for ein utskjelt frukt. Pære. Den har blitt misforstått og mobba i årevis.
søndag 2. mai 2010
Brukskunst
I Maganda sin generøse give-away for eit par veker sidan vann eg. Eg! Som aldri vinn. Ikkje det at eg kjøper så mange lodd, eller spelar lotto eller andre ting ein ofte gjer for å vinne. Men eg vann altså.
To kjempefine siklesmekker til Minstemann!
Dei er allerede tatt i bruk som de ser - og blir konstant kvalitetssjekka..;-) Tusen takk, Gunn!
To kjempefine siklesmekker til Minstemann!
Dei er allerede tatt i bruk som de ser - og blir konstant kvalitetssjekka..;-) Tusen takk, Gunn!
Kikk gjerne innom den fine bloggen til Maganda, og Epla-butikken hennar!
Kvardagsfest
Eg prøvar å poste denne posten på nytt. Noko skjedde med bildene sist eg prøvde. Så får søndag bli kvardag - iallefall for denne posten sin del...
Herleg å pynte litt på ein vanleg kvardag!
Eg har laga vimplar! Etter inspirasjon frå mange andre i bloggverda. Desse er i yndlingsfargane mine no for tida; lys blå/turkis - gul/oransje. Sommarleg og fint.
Og ugla er visst blitt ei vinterugle... Men pytt - det er vår ute, så det tar me oss ikkje nær av.
Ha ein finfin søndagskveld!
Abonner på:
Innlegg (Atom)