Javel - så er eg på galeien igjen.
Eg syr utan mønster. Kven veit om det blir ein ferdig kjole til Mollemor, eller om det blir i størrelse dukke...
Om eg har overdreven tru på eigne ferdigheter eller om det rett og slett berre er dumskap - er jammen ikkje godt å seie. Eg trør uti gong på gong. Det blir bra omtrent anna kvar gong. No bomma eg skikkelig sist, så då kan eg jo berre håpe denne gongen..:-)
Puta over er frå dagens Fretex-besøk. Utruleg skjønn!
Ellers så har eg fått ein
kjempefin award frå skjønne Mammadamen. Og så glad eg blir for slikt! Har du ikkje kikka innom henne før - så gjer det
her.
Ha ein fin kveld vidare!