torsdag 6. januar 2011

Meir leik

Eg er ein barnsleg sjel - ingen tvil om det. Det gjeld òg i høgaste grad mitt forhold til interiør. Eg likar ikkje alvorlege interiør. Prøver eg for hardt, blir det fort kjedeleg.


Det er når eg ikkje tenker for mykje, det blir bra. Koblar ut O'Store Dommar, så og seie. O'Store Dommar kan sette krokfot på kreativitet og leik. Det er ikkje bra.

Så det gjeld å tenke mindre. Føle meir. Ofte er den fysste tanken heilt rett. Second thoughts kan vere så oppskrytt! Så JA til å leike meir. Ikkje gje tanken for mykje spelerom! Gjere akkurat som du vil, utan tanke for kva andre vil meine. Finne barnet i deg!

Ha ein leikande dag!

onsdag 5. januar 2011

Vårleg

Dei er visst berre inni hovudet mitt. Vårassosiasjonane. Snøen smeltar - er ikkje plenen enormt grøn under? Har ikkje lyset forandra seg? Litt varmare lys, liksom?
Eg veit det er for tidleg. Kvar januar trur eg det skal bli vår. Kvart år same lengten. Mot varmare, lysare, grønare. Kvart år same lange ventetida.

Men eg veit den kjem. Våren. Kvart år gjer den det. Og kva er gale med å drøyme litt? Og pynte litt inne?
Ha ein fortryllande, vårlengtande dag!

Heldige meg fekk bilde måla av tantejenta mi! Det grøne bildet var så fint, takk Hannah!

tirsdag 4. januar 2011

Skatteskrin


Marihøna fekk seg eit skatteskrin til jul. (Nok ein gong spray og lim. Sei ifrå om de blir leie..;-))Hare Hopp passar på skattane. Dei stysste skattane no for tida er figurforma strikkar! Enkle gleder!


Nyåret byr på planar av alskens innhald. Ikkje nødvendigvis forsett, for ein kan likegodt starte noko nytt på ein kvardagsleg onsdag!

Så difor; ikkje noko stort - men ein liten trekning kjem på Vestablikk innan kort tid. Bloggen nærmar seg jo magiske 100 Venner, snart 20 000 unike treff og 200 innlegg sidan starten i november 2009! Stas!

Tirsdagsklem frå IJ

søndag 2. januar 2011

Lys i vente

Fine kalde vinterdagar med sol gir maksimalt med lys her vest. Likevel svinn lyset så fort. Når tanken på bloggebilder er tenkt, kan blåtimen allerede vere på veg.
No gler eg meg til fleire lyse timar! Og dei er på veg! Litt meir for kvar dag.
Her er juleferien snart til ende. Kvardagen ventar - og det det likar eg. Eg likar kvardagar! No må eg berre få orden på Elna og det vonde kneet...
God søndag til deg!

lørdag 1. januar 2011

Spraymaling og sånn

Inspirert av ei flink dansk dame laga eg nokre brett før jul. Litt hamstring av gamle og nyare vasar på Fretex, fine dyr frå lekebutikken, kvit spraymaling og sterk lim - og vips så har ein noko ingen andre har. Viss ein likar slikt.

Ha ein fin kveld i det ferske året!

onsdag 29. desember 2010

Romjulsrapport




Her er framleis jul. Vestablikkfruen har endeleg òg hatt litt velfortent julefri. Lange frokostar, turar ut i ein kvit eventyrverden, kaker og deilige middagar.

Me har det godt!

Håpar du nyt romjulsdagane òg!

onsdag 22. desember 2010

Litt heimebakst

Igår baka eg biscotti for fyrste gong! Enkle å lage og fantastisk gode! Dei var til og med glutenfrie, for det må dei vere skal Vestablikkmannen kunne nyte dei. Så han veit å skrøyte. Det er lurt:-)

Men eg er ikkje så glad i snobberi. Italienske kaker med lekre navn. Tja. Det er vel i grunnen berre gode sprøe nøttekaker. Enkelt og greit;-)

Desse hadde mandlar og pistasjenøtter i. Her kan du finne oppskrifta. Trur eg må prøve med valnøtter og fiken i òg!

Ha ein fin dag!

tirsdag 21. desember 2010

Jul i huset vårt

Så er me inne i siste veka før jul. Sola har snudd og nydeleg vinterføre ligg utanfor døra! Kan det bli betre?

Me pyntar forsiktig, litt pynt her og litt der. Julekassen er stor, men ikkje alt blir tatt fram kvart år. Ingen av oss likar for mykje stæsj. Og julestemninga kjem likevel! Med god mat, god tid, venner og familie!
Håpar du har det fint no i dagane før jul!

torsdag 16. desember 2010

Back in business

Ingen stas å vere kameralaus!

Men no blir snart finaste kameraet utskriven, frisk og spretten - klar til tjeneste. I god tid til høgsesongen! Hurra!

God kveld til deg!

onsdag 15. desember 2010

Marknadsglimt


Stor stas å vere med i år òg! Eg delte stand med bestekusine Ingrid, og nokre søte smånissar:-)


No har Elna gått ut i streik. Det blei nok litt lite overtidstillegg i dagane før marknaden. Eg får håpe ho snart er tilbake i vanleg arbeid - før abstinensene mine blir for store...

Ha ein fortryllande onsdag!