lørdag 17. april 2010

Sistemann ut

Som sikkert sistemann ut i bloggverda, har eg laga eit etasjefat. Fine gamle Figgjofat frå Fretex, eit drammeglas og sterkt lim - så vart det ein personleg variant. Dagens jubilant vart iallefall glad!

Eg syns dei slitne gamle fata er så sjarmerande. Og fargane er jo snop for høgre hjernehalvdel!


Lurar på om eg kanskje må lage eit til meg sjølv òg..?

fredag 16. april 2010

Bambus

Lilleba i Stavanger designar sine eigne klede i bambus og soya. Denne veka la dei ut sommarkolleksjonen. Nydelege, mjuke klede med eit estetisk ytre!


Bambus er ganske nytt i klede i Norge, men eg trur det vil komma meir og meir. Ikkje berre er det eit særdeles miljøvenleg materiale - men det har òg utruleg gode kvalitetar. Det suger væske og isolerer som ull, og er eit godt alternativ for dei små med sensitiv hud.

Anbefalast!

torsdag 15. april 2010

Eit eple om dagen

Eit eple om dagen skal visstnok gjere godt for magen.


Elles kan ein gå til Per i hagen. Sette seg på ein stein og gnage på eit bein.

Neimen om eg veit kva som funkar best - eple eller bein... Veit du?



tirsdag 13. april 2010

Veskeblikk

Eit dynetrekk til ei jente, og ikkje til den andre..? Hm. Litt kjøpsslåing resulterte i at mor lovde søstermor ei veske.

Klart femåringen treng ei veske! På høg tid kan ein vel sei. Til å ha noko i. Eller ingenting, om ein vil. For det kjekkaste er jo å springe, så den hoppar på magen!

Og så føler ein seg så fin!


Ha ein fin kveld - med eller utan veske!
Posted by Picasa

mandag 12. april 2010

Tid

Sitte på krakken og vente på posten. Sjølvsagt hjelper det med ein kaffitår då. Tenke sitt om vind og ver. La tida gå. Eller komme.

Men uansett ikkje ha travelt. Berre vente på posten. Om han nå kjem den dagen.
Posted by Picasa

søndag 11. april 2010

Står du her og skin?

Eg som aldri, endå så mange loppemarknadar eg har tråla, har funne noko som har vore i nærleiken av ekte design. I helga fann eg Falcon, som er ein ekte norsk klassikar, designa av Sigurd Resell på 70-talet. Rektignok mangla den ein knapp og verka litt oppgitt, der han sto - men med litt vask og skinnpleie steig humøret på karen!


Og det beste er... Den er knallgod å sitte i! OG eg gav berre 50 kr for han(hihi)!


Fann litt småidyllisk tapet òg. Ein heil rull. Sel gjerne nokre meter, dersom nokon er interessert!

Ha ein fin søndagkveld - det som er igjen av han:-)



Kos

I påsken vart det mykje inneliv for minsten og mor. Men sidan me var heime hjå mine foreldre på besøk, vart det likevel ikkje kjedeleg. Og med eit kamera kan ein kose seg med å forevige nokre gyldne øyeblikk. Som desse, av minsten og bestemor. Nye babytær mot gode arbeidshender. Vakkert!

Posted by Picasa

fredag 9. april 2010

Varme føter

Så er dynetrekket ferdig! Pusekattane er på plass, som lova. Og me får tru at Mollemor vil halde føtene varme under den nye dyna...



Ha ein fin dag!
Posted by Picasa

torsdag 8. april 2010

Ny dyne

Mollemor har vekse ut av dyna si. No stikk små tær fram frå dyna på eine sida, og eit nydeleg bustehår på andre sida:-)
Så juniordyne må det bli, oppi den fine voksesenga er det ikkje plass til meir. Men dynetrekk til juniordyne? - nei, det har me ikkje.

Men eg har masse flotte, gamle dynetrekk. Og kva er då meir naturleg enn å lage eit nytt i dei herlege gamle mønstra?

Igår laga eg nok eit kattetrykk, og det skal òg pynte dyna. No treng eg litt hjelp til å velge fargekombinasjonar på tilbehøret. Raudt eller blått..?

Apropos kattar; neimen om eg veit kvifor desse kattane stadig kjem til meg. Eg som ikkje eingong er glad i kattar. Trur eg...

onsdag 7. april 2010

Rare dyr

Idag er den store vaske-klede-etter-ferie-dagen. Og mens eg funderer over kor glad eg er over å ikkje måttte vaske den digre haugen i bekken - så innser eg at det kanskje ikkje er så interessant som bloggetema.. Derfor viser eg i staden litt av dei rare dyra som bur rundt i huset vårt.

Born har ofte eit anna syn og innsikt når det gjeld rare ting. Ungane mine spør ofte om kva eg driv med, sidan eg ofte driv med litt rare ting. Dei begynner å bli vant til svaret. "Eg veit ikkje", seier eg kanskje. For kanskje eg ikkje veit. Ofte leikar eg meg berre. Og så blir det kanskje noko utav det. Kven veit.


Ei lita venninne på fem år såg dette biletet ein dag, og spurte: "er det eit brilledyr?" Og ja, sjølvsagt er det det! Navnet skjemmer ingen;-)