lørdag 1. mai 2010

Einsamflygar

Halldis Moren Vesaas var ein flott diktar! Så mange stemningar - så mange bilete. Diktet Einsamflygar brente seg inn, årevis sidan, og blei til eit eige bilete etterkvart. Det handlar om å vere einsam, å vere utanfor flokken. Utan å kanskje forstå kvifor. Kanskje er ein utvald til noko anna.

Diktet er trist. Men eg er viss på at det har ei god ending likevel. At det endar bra for einsamflygaren. Til slutt.

"Ein fugl flyr einsam under stjerner
ikkje gråt for den fuglen, barn - "

Underfundig og lett melankolsk helsing:-)

mandag 26. april 2010

Storfint besøk

Fretex-besøk idag. Denne ugla her ba så fint om å vere med heim.

Kven kan vel motstå slikt? Ikkje eg iallefall. Eg er tross alt ein uglevenn.

Men kva art den er, er vanskeleg å sei. Sjølv etter ein rask kikk i Ugleboka. Enn så lenge er den brun - men tanken er at den skal få seg ein omgang med litt maling. Kvit, svart eller gul. Kva syns du?

fredag 23. april 2010

Send eit tre

Idag lot eg meg facinera av vakkert arbeid i kryssfiner! I ein butikk full av kinesisk design, klarte eg ikkje å gå forbi dette - som var finsk design...Tilfeldig? Neppe.

Lovi er eit finsk firma som lagar dei nydelegaste figurar i kryssfiner. Du set dei saman sjølv. Tre store som juletre, eller små hjerter eller dyr. Dei minste tinga kan sendast som postkort! Og kjøper ein eit tre, vil ein støtte plantingen av eit eller fleire tre i land der slikt er mangelvare.
Etisk handel, med andre ord! Ikkje dumt!


Så kanskje årets juletre er frå Lovi?

Bilder



Å - det fins mange bilder i dette huset. Dei blir bytta om og skifta ut ofte. No jobbar eg med å ta bilder av dei. Eg skal nemleg starte opp Epla-butikk. Spanande. Og litt skummelt.

Ha ein fin fredag!
Posted by Picasa

torsdag 22. april 2010

Oppussing pågår!

Endeleg nærmar leiligheten vår seg ferdig. Den siste etappen er under arbeid. Og det blir fint!

Lyst og fint! No må det litt farge til i dei lyse romma - og det skal vi vel alltids klare...


Kikk innom ein annan dag - så er me kanskje litt meir ferdige..:-)

søndag 18. april 2010

Vår!

Søndagstur til kvitveisbakken. Sola skin og det bles - verdas beste ver! Det luktar vår av skogen!

Over oss har ørnungane sitt fyrste møte med vind og venger - og ropar litt usikkert på mor og far.


Små nevar som plukkar den styrste buketten dei klarer. Den finaste buketten i verda! Og så heim og vise til bestemor!
God søndag til deg!

Posted by Picasa

lørdag 17. april 2010

Sistemann ut

Som sikkert sistemann ut i bloggverda, har eg laga eit etasjefat. Fine gamle Figgjofat frå Fretex, eit drammeglas og sterkt lim - så vart det ein personleg variant. Dagens jubilant vart iallefall glad!

Eg syns dei slitne gamle fata er så sjarmerande. Og fargane er jo snop for høgre hjernehalvdel!


Lurar på om eg kanskje må lage eit til meg sjølv òg..?

fredag 16. april 2010

Bambus

Lilleba i Stavanger designar sine eigne klede i bambus og soya. Denne veka la dei ut sommarkolleksjonen. Nydelege, mjuke klede med eit estetisk ytre!


Bambus er ganske nytt i klede i Norge, men eg trur det vil komma meir og meir. Ikkje berre er det eit særdeles miljøvenleg materiale - men det har òg utruleg gode kvalitetar. Det suger væske og isolerer som ull, og er eit godt alternativ for dei små med sensitiv hud.

Anbefalast!

torsdag 15. april 2010

Eit eple om dagen

Eit eple om dagen skal visstnok gjere godt for magen.


Elles kan ein gå til Per i hagen. Sette seg på ein stein og gnage på eit bein.

Neimen om eg veit kva som funkar best - eple eller bein... Veit du?



tirsdag 13. april 2010

Veskeblikk

Eit dynetrekk til ei jente, og ikkje til den andre..? Hm. Litt kjøpsslåing resulterte i at mor lovde søstermor ei veske.

Klart femåringen treng ei veske! På høg tid kan ein vel sei. Til å ha noko i. Eller ingenting, om ein vil. For det kjekkaste er jo å springe, så den hoppar på magen!

Og så føler ein seg så fin!


Ha ein fin kveld - med eller utan veske!
Posted by Picasa