fredag 16. juli 2010

Knappesommar

Gjett om eg er glad i knappar og glansbilder... Jaja, slikt blir ein jo mobba for. Denne sommaren har vore særs innbringande på knappefronten. Ja, eg kan vel sei at eg no har ein møblert heim når det gjeld knappemengde. Noko for einkvar smak!

Skal vise dykk meir bilder i morgon. No ropar senga på meg!

God natt!

mandag 12. juli 2010

Meir fyr

Eg postar litt fleire bilete frå turen til Ryvarden. Reknar ikkje med at de har noko imot det:-)


Gule NY-taxiar midt i vestlandsnatur. Friskt og humoristisk. Kvifor ikkje?

Alle bileta er av Brian Wallace.

Fortsatt fin mandagskveld!

søndag 11. juli 2010

Kulturfyr

Igår var vi finfin tur til Ryvarden Kulturfyr i Nord-Rogaland. Turen ut dit er ein historie for seg, sjølve fyret ein annan. Vi er svake for fyr. Ryvarden er ikkje eit unntak.

På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.



Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.

Ha ein fin søndagskveld!

torsdag 8. juli 2010

Dyr

Idag har me hatt begravelse for ei mus og ei padde. Godnattsong og rose på grava.
Masse pittesmå sild frå bekken. "Mamma - kan me ta med desse..?"
Storesøster ynskjer seg hest, hund, kanin og hamster. Når ho blir stor skal ho kjøpe seg det. For ho har forstått at foreldrene ikkje er vilt begeistra for hest i leiligheten på 70 m2.
Ein god fredag til deg!

tirsdag 6. juli 2010

Lange nok

Å vere tre år. Å elske å plukke blomar. Å konsentrere seg stort om å plukke lange nok stilkar. Å bli så glad, så glad når ho klarer det:-)
"Versågod, mamma"
*sukk*

mandag 5. juli 2010

Om fotolys

Ferie er fototid. Hjå oss prøver me å bli flinkare til å ta kvardagsbilder, men har eit stykke igjen til me kan sei oss nøgde med innsatsen. Men i feriane går det nærmast av seg sjølv. Motiva vil ingen ende ta, og avleggarane stiller villig opp. Stort sett.

For bildene sin del likar eg overskya ver. Det blir mykje meir djubde og friskhet i bilda, og ein slepp dei vanskelege kontrastane sola gir. Ein tur til sjøen for nokre dagar sidan i lett skoddedis og med eit hav av motiv - utan kamera. Til å grine av. Eg prøver å memorere. Men er ikkje så flink til det...

Det gode er at etter ein slik fadese, gløymer eg ikkje kameraet igjen så lett. No blir det med overalt. Just in case..;-)

Ha ein fin kveld!


lørdag 3. juli 2010

Ferietid

Barføtt i graset. Plukke rips i ein kopp. Stå under eit tre og lytte på sommarregnet. Klappe ein hest. Lukte på ein blome. Rulle rundt i graset med ein villunge eller to. Fange ei grashoppe. Om du kan.

Det er ferietid.

Eg er frisk og rask som ein låvesvale igjen. Takk for alle koselege god-bedringhelsingar!


onsdag 30. juni 2010

På staden kvil

Det høyrtes ut som ein kommando. Her trengs ingen kommandoar. Ein sjuk kropp finn senga lett. Så får sommar vere sommar. Enn så lenge.

Takkar for alle koselege kommentarar de legg igjen! Eg blir såååå glad for det!

Ha ein fin og forhåpentlegvis frisk dag!

mandag 28. juni 2010

Meir om leik

Laurdag var maledag med Hannah. Endeleg! Veldig kjekt med tanteungar som likar det same som tante!

Me hadde fargeblanding på agendaen, men rakk å lære kvarandre fleire andre ting òg. At det er lov å tøyse og leike seg. At alt er lov.

Og så det viktigaste av alt: at det er lurt å ikkje tenke så mykje. For mykje tenking blokkerer ofte for kreativitet. Det er blant anna derfor mange vaksne trur dei ikkje kan. Som ofte er heilt feil!

Så fram med maling eller teikneark, folkens. Slepp deg laus litt. Våg å leike:-)

søndag 27. juni 2010

Sov i ro, slumre inn...

Ei lita dyne til ei lita jente. Stoff frå tider langt tilbake. Trykk frå notida. Gammalt møter nytt.

Ein fin kveld til deg!