søndag 25. juli 2010

IKEA in the house

Eg er ingen notorisk IKEA-shoppar. Eg likar forsåvidt IKEA - men syns berre det ofte blir litt for mykje av det. Overalt.

Men no har jentene jammen meg fått seg eit stort bilete frå den svenske giganten. Det er metervare som eg har stifta opp på ei stor korktavle. Sånn fordi eg tenkte det kunne vere til teikningar og slikt. Men no trur eg det blir vanskeleg å henge noko over dei fine dyra.

Stoffet med origami-dyr måtte òg bli med heim. Nydeleg.

Ei god natt til deg som kikkar innom!

onsdag 21. juli 2010

Ode til ein utedo

Eg diggar utedo. Ikkje det at eg ville hatt det på permanent basis. Men av og til å slenge rumpa ned på ubehandla treverk, myse ut gjennom sprekken i vegggen og dingle litt med beina. Det er sommar, det!

Då me besøkte Tippoldemor for ei vekes tid sidan, forelska eg meg loddrett i dette eksemplaret. Knalloransje plastsete, blomstrete teppe på golvet og diverse bilder på veggane! Herleg!

Det gjekk rett til ein sterk andreplass på "Finaste utedo"- rangeringa mi. Førsteplassen har trass alt snirklete tapet på veggane! Og dèt på ein husmannsplass! Det seier jo litt om kor viktig dette rommet tross alt var. Og er.

Mollemor måtte avbildast, der ho sat og dingla med beina og song. Til ære for Tippoldemor. Og ein finfin utedo!

Ha ein fin kveld, med eller utan vannklosett:-)

mandag 19. juli 2010

Blåbær og sånn


Nytt eplekjekt dynetrekk til fine Lillebror. Tenk at eg skulle bli vaksen og trebarnsmor før eg skulle like turkis. Og blå. Sånn kan det gå. Nå forstår eg ikkje korleis eg har klart å unngå dei blå nyansane så lenge.


Apropos blå - dei fine, søte bæra er modne! På vår egen Blåbærhaug! Mmmmm...

Fin kveld til deg!

søndag 18. juli 2010

Til ein hjertevenn

Gåva er snart på eit postkontor nær deg, Ninni:-) Gratulerer med overstått, min venn!


Stoffa er plukka ut med omhu - til ei raud dame! Bokstavstoffet er frå Stoff og Stil, det raudprikkete blei mitt på Nattåpent forrige veke, til 70% avslag! Snakk om prikkekupp!

Ein god kveld til deg som kikkar innom!

lørdag 17. juli 2010

Heiom feiom!

To innlegg på ein dag. Hm. Det var voldsomt. Faktum er at eg har vore enormt effektiv i ettermiddag, og må vise litt av resultata. Eg har mala òg. Tripp trapp stolar i lys turkis. Kjempefint. Og så litt maling i håret...

Dynetrekket er bestillingsverk. Håpar det fell i smak.

Mollemor si seng er fin til bildebruk. Cowboyveska må med. Tenk å eige noko så kult, når ein berre er tre.

Ha ein fin kveld. No lovar eg å roa meg:-)

Lekkerier

Knappesommaren begynte med overraskelse av den fargerike sorten. Masse flotte knappeprøvar frå 50/60-talet frå svigerinna mi! Mykje flotte fargar og personlegdomar!

Deretter var det opphørssalg i den nedlagde butikken heime, der eg fann fleire knappar, esker, brett og eit skjønt rådyr. Rådyra er ikkje spesielt populære heime hjå mor mi, fordi dei er så glad i roseknoppar. Så både dei ekte eksemplara, og denne i porselen - var det berre eg som likte... Rådyra i skogen såg me kvar dag i ferien, og på vegen heim frå ferie såg me eit titals hjortar, både vaksne og kalvar. Så fine, så fine.

Mamma henta fram frå skapet og gløymselen desse skattane - nydelege fargar. Gjett om eg blei glad! Tenker det blir vanskeleg å sette saksa i dei...

Og enno har eg fått og funne fleire skattar i sommar. I vaskemaskina no ligg eit stort teppe, med bilder av mange rådyr... Ja, eg veit. Det blir kanskje litt mykje. Men vestablikkmannen sa det var heilt greit. Etter han hadde sagt at det var litt rart... Er ikkje han fin?

Visste du forresten at Bambi, og denne i porselen - er dådyr? Dådyra er litt mindre enn rådyra, og har dei fine kvite prikkane...

No kjem symaskinen på bordet. Mann og ungar er på tur, så her skal det jobbast!

Me bloggast!

fredag 16. juli 2010

Knappesommar

Gjett om eg er glad i knappar og glansbilder... Jaja, slikt blir ein jo mobba for. Denne sommaren har vore særs innbringande på knappefronten. Ja, eg kan vel sei at eg no har ein møblert heim når det gjeld knappemengde. Noko for einkvar smak!

Skal vise dykk meir bilder i morgon. No ropar senga på meg!

God natt!

mandag 12. juli 2010

Meir fyr

Eg postar litt fleire bilete frå turen til Ryvarden. Reknar ikkje med at de har noko imot det:-)


Gule NY-taxiar midt i vestlandsnatur. Friskt og humoristisk. Kvifor ikkje?

Alle bileta er av Brian Wallace.

Fortsatt fin mandagskveld!

søndag 11. juli 2010

Kulturfyr

Igår var vi finfin tur til Ryvarden Kulturfyr i Nord-Rogaland. Turen ut dit er ein historie for seg, sjølve fyret ein annan. Vi er svake for fyr. Ryvarden er ikkje eit unntak.

På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.



Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.

Ha ein fin søndagskveld!

torsdag 8. juli 2010

Dyr

Idag har me hatt begravelse for ei mus og ei padde. Godnattsong og rose på grava.
Masse pittesmå sild frå bekken. "Mamma - kan me ta med desse..?"
Storesøster ynskjer seg hest, hund, kanin og hamster. Når ho blir stor skal ho kjøpe seg det. For ho har forstått at foreldrene ikkje er vilt begeistra for hest i leiligheten på 70 m2.
Ein god fredag til deg!