fredag 28. mai 2010

Skyggespel

Eit enkelt arrangement på bordet. Plutseleg funkla det i edelsteinar og gull. Vatn, netting og ei låg kveldssol gjennom glaset. Effektfullt!

Ha ein funklande vårdag!

torsdag 27. mai 2010

På langtur


Blå har absolutt ikkje vore min farge. Men no kjenner eg at det er i ferd med å endre seg. Denne puta syns eg faktisk blei ganske fin.

Den er allereie på veg over Atlanteren, til ei som er glad i både blått og kattar! Gratulerer med dagen, Kathy!

Happy birthday, Kathy! Hope you get a wonderful day! This pillow is on its way to you. I know you will enjoy the cats..:-)

tirsdag 25. mai 2010

Koret

Når ein får ungar må ein ofte restarte den delen av hjernen som har med orden å gjere. Ungar elskar å teikne, klistre og rote. Gjerne helst der dei ikkje har lov.
Heime hjå oss er det nulltoleranse for teikning og klistremerker på veggane.
Dette koret fann imidlertid nåde hjå mor. I grunnen var det ganske sjarmerande. Kanskje det får henge litt.
Eg kan jo berre late som eg ikkje har sett det..?

Ha ein fin maidag!

mandag 24. mai 2010

Stille morgon

Morgonkaffi og De Lillos som syng "Tøff i pyjamas". Ellers er det merkeleg stilt i huset. Vestablikkmannen har tatt med seg ungane på tur. Så mor kan kvile og bli heilt frisk. Kanskje det då kan bli litt fortgang i det eg eigentlig skal gjere for tida.
Håpar du har ein fin morgon!

søndag 23. mai 2010

Kos med pus

Ja, eg veit. Eg skulle ikkje sy. Eg må visst sette symaskinen i forvaring til etter København.
Idag vart det, etter nokre dagar i tenkeboksen - ein koseklut. Eller ein pus. Lillebror har allereie kvalitetssikra - og er godt nøgd...
Når eg får tid vil eg lage fleire slike, og legge ut i Epla-butikken. Den står førebels berre uopna. Eg satsar på betre tider for butikkopning og festivitas etterkvart...

Takk tante G, for det supermjuke og fine lakenet! Du ser det kjem til nytte:-)

lørdag 22. mai 2010

Naturlegvis



Ta deg tid til å studere eit tre. Sjå på barken. Klappe litt. Snuse inn lukta.

Alle er forskjellige. Kvart tre har sitt eige uttrykk - sitt eige fingeravtrykk.

Eg har mitt eige favoritt-tre. Treet oppe til venstre i kollasjen. Det er så mangfaldig - så fullt av levd liv. Klokt. Mest som eit gamalt ansikt.

Då eg var mindre, ville eg vurdert tre etter kor gode dei var å klatre i. No for tida har eg andre kriterier. Sjølv om eg framleis av og til svingar meg frå grein til grein, iallefall i plommesesongen...

Og så øksa. Hm... Eg hadde nok ikkje likt om nokon ville felle treet mitt. Men om eg er glad i tre, så er eg òg glad i kulturbeite. Eg likar opne landskap, beitelandskap. Eg likar å sjå fjorden, likar at det ikkje veks til kratt overalt. Så tre må av og til vekk.

Og lite slår vel lukta av sagflis og bål.


fredag 21. mai 2010

Dagens DIY

Ungane våre har tanter, onklar og søskenbarn som bur langt vekke. Oldemor heilt i USA. Då er det kjekt med desse laminerte korta. Dei blir tatt fram ofte.
Når ungane ser ansiktene ofte her - blir dei lettare å kjenne igjen i verkligheita. Enkle å ta fram og halde for små barnehender. Og så toler dei sikkel. Garantert!

Har du fotoprinter(bildestr 5x8 cm) og lamineringsmaskin, er dette lett å gjere heime:-)

Ha ein fin dag!

torsdag 20. mai 2010

Eg er ikkje her

Og ikkje lurar eg på kva eg skal bruke desse trykka og stoffa til heller. Dei ligg berre lett henslengt på golvet, og interesserer meg lite.

Det eg har lov til å tenke på derimot - er København. Så har du tips til fine turar, gode kafear, ting å gjere med små born, spennande butikkar - nøl ikkje med å skrive ein liten kommentar! Då blir eg GLAD!

Viss du er her - ha ein fortsatt fin kveld!

onsdag 19. mai 2010

Alt det andre

Det sprett og blømer. Ute. Og inne.
Knappar, fint papir og sprelske stoff.

Tusen idear og ting eg kunne ha gjort. Fylle opp dagane med.

Men eg har visst ikkje tid. Skal eigentleg førebu meg til Københavntur og foredrag. Men alt det andre freistar mykje meir. Eg er strengt tatt ikkje her heller. No.

Håpar du gjer det du har lyst til. Og kan. Så kjem eg sterkare att. Etterpå.

mandag 10. mai 2010

Vårfin


Litleprinsen var så heldig å arve ein fin, lyseblå anorakk av "tippoldemor"!
Eit lite hol i jakka, gjorde at stoffhaugen blei vurdert og saksa funne fram. Lyseblå og grønt, og ein dæsj turkis? Ja takk!

Så blei det fine lommar i marimekko-stoff. Og ein deilig Buff i herlege vårfriske fargar. Den lagar du på no time i mjukt trikot-stoff.

Jakka er framleis litt stor. Og ute vart det kvitt i natt...

Men snart!