Ha ein fin kveld vidare!
søndag 13. juni 2010
Fargerik søndag
Kald søndag ute - inne er det varmt og godt. Akrylmaling og forkle på dei to styrste. Stas!
lørdag 12. juni 2010
Raud
Eg som trudde raud var yndlingsfargen min. Eg som trudde at me vassa i raude effekter i heimen, og at alle kunne sjå det. At det sto "Raud" i panna mi, eller noko.
Den raude gardina, Rody'en som Mollemor dreg med seg i senga kvar kveld. Den raude puta og sopplampen. Jada.
Den raude gardina, Rody'en som Mollemor dreg med seg i senga kvar kveld. Den raude puta og sopplampen. Jada.
Hadde eg vore fargen Raud no, så hadde eg nok vore lei meg... Eg bør nok komme opp med ein unnskyldning.
Og så får eg fortsette å fundere på yndlingsfargar og slikt.
fredag 11. juni 2010
Sliten fredag
Symaskina går. Lillebror stemmer i og syng på sitt tannlause vis. Han er jo nærmast oppvaksen med lyden, og kjenner den godt.
Det er tanntid i heimen. Travle netter for liten og mor. Då er det godt at dagane trass alt er gode, med stort sett smil og song.
Og ikveld er det fest for ein skjønn 40-åring! Gratulerer med dagen, Laila!
Ha ein fin dag!
torsdag 10. juni 2010
Gulstripete dag
Eg er ein barnsleg sjel. Leiker frå min eigen barndom, eller andre sin, gjer meg glad.
Og min eigen My little Pony frå 80-talet! Tenk å vere så vakker! Om det hadde gjort seg med raude epler på min bakende, skal vere usagt. Men at det er fint på denne ponnien kan vel ingen vere ueinig i?
For ikkje så lenge sidan, fekk eg besøk av ei god venninne som donerte mange av leikene sine til småjentene! Gjett om mamsen blei minst like glad som dei små... Bilder kjem etterkvart!
Som du sikkert har oppdaga - idag er ein gul dag! Igår fann eg det gulstripete stoffet på Fretex - og blei så glad, så glad! Eg er alvorleg glad i gult, men finn sjeldan gule stoffer. No summar det av idear i hovudet.
Ha ein gul dag, du òg!
tirsdag 8. juni 2010
Mi tid
Heime igjen etter turen til sommarlege København. Eg er slett ikkje overraska over at nordmenn likar seg der. Det gjorde eg òg!
Mange inntrykk ligg i kø til bearbeiding. No er det ryddetid. Både her og der.
Den nordiske kongressen eg var på hadde fått laga sin eigen kopp, designa av keramikar Anne Black. Så fin, så fin! No er tida mi eiga igjen. Skuldrane på plass, og presset borte. Det skal nytast! Symaskina skal fram igjen frå kasjotten. Hurra!
Sjå meir av Anne Black her.
Ha ein nydeleg førsommardag!
mandag 31. mai 2010
Nyansar
Eg er glad i farge og mønster. Nesten til det ekstreme. Takka vere Vestablikkmannen tar det ikkje heilt av heime hjå oss. Det kunne det nok ha gjort...
Men av og til likar eg òg å kvile blikket på nøytrale fargar. Det kjennes godt.
søndag 30. mai 2010
Barbeint
Rart å tenke på at så mjuk har eg òg vore. Eingong. Men uansett. No er desse nydelege babyføttene snart klare for å prøve seg på sommar og uteliv.
lørdag 29. mai 2010
Til lintøyskapet
Når eg ein gong får meg lintøyskap, skal det vere velduftande og skinande. Tellekantar og nystrokne putevar. Nett som ein Blenda-reklame.
Sengetøyskapet no husar alt for mykje anna enn bare sengetøy. Men det er jo lov å drøyme, ikkje sant? Og det luktar iallefall godt der, for lavendelposane er på plass.
fredag 28. mai 2010
Skyggespel
Eit enkelt arrangement på bordet. Plutseleg funkla det i edelsteinar og gull. Vatn, netting og ei låg kveldssol gjennom glaset. Effektfullt!
torsdag 27. mai 2010
På langtur
Blå har absolutt ikkje vore min farge. Men no kjenner eg at det er i ferd med å endre seg. Denne puta syns eg faktisk blei ganske fin.
Abonner på:
Innlegg (Atom)